Bautasteinane på Naustdal
Naustdal, hausten 870. Det er ein stille, kjølig kveld. Eit tynt lag frostrøyk dekkjer fjorden der vikingskipa voggar sakte. Kong Vemund av Fjordane og mennene hans sit i gildehallen på Naustdal og skrålar. Enno er det ingen som veit at Ragnvald Mørejarl og hirden hans står i skogbrynet og tenner faklane sine. For kong Vemund sine menn er det ingen utveg. 
Bautasteinane på Naustdal er gåtefulle og mektige. Sjølv om segner knyter bautasteinane til vikingtida (800-1050), er det uvisst kor gamle dei er. Det er ikkje umogleg at dei er mange hundre år eldre enn vikingtida. Den første bautasteinen skodar utover frå terrassekanten nede ved fjorden. Han er 3,65 meter høg, 1,15 m brei og om lag 10 cm tjukk. Den andre steinen står i bakken ovanfor tunet på garden. Han er heile 5,75 m høg, 65 cm brei og 30 cm tjukk. Lokalfolket på Naustdal knyter begge bautasteinane til forteljinga om kong Vemund av Fjordane og det 90 mann store følgjet hans som vart brent inne av Ragnvald Mørejarl på Naustdal i om lag år 870. Ragnvald Mørejarl var ein av Harald Hårfagre sine støttespelarar i kampen om å samle Noreg til eitt rike. I denne kampen måtte småkongane langs kysten fjernast. Under vegbygginga langs fjorden på Naustdal vart det funne ein tredje bautastein. Denne steinen ligg ved foten til bautasteinen ved fjorden. Kjelder
Edvard Os, Eid og Hornindal, Oslo 1953.
Bente Magnus, "Småkonger og politiske sentra i Fjordane i tidlig vikingtid", i N.U.B, nr. 3, 1992.

|