Gamalt fiskevær på Frøyna
Frøyna, vinteren 960. Bjørn står i fjæra og snusar inn den salte sjølufta. Inne i fjorden er fjella høge og dalane tronge. Ute ved havet er klimaet barskare og annleis. Her er han nærare den store verda som han har høyrt dei vaksne fortelje om. Bjørn snur seg og ser røyken frå eldstadene ved fiskebuene. Nokre av dei vaksne mennene steller i stand mat. Andre kavar med å klargjere reiskap og båtar. I år er det er første gongen Bjørn er med karane på sildefiske. Det sitrar i magen av spenning. 
Ressursane i havet har alltid vore viktige for busetnaden langs kysten av Noreg. Heilt sidan siste istid for 10.000 år sidan har menneska her livnært seg av fisk og skaldyr. Jakt på småvilt, hjort og rein har også vore viktige næringsvegar. I nyare tid viser dei mange fiskeværa langs kysten av Nordfjord at ressursane i havet har danna grunnlag for fangst, handel og busetnad. Kalvåg er eit slikt tradisjonsrikt fiskevær med røter langt tilbake i tid. Ved Liset på Frøyna er det funne eit felt med til saman femten hustufter som truleg er spor etter fjæremannsbuer frå yngre jernalder (550-1050). Sannsynlegvis var dette eit fiskevær der bønder frå indre strøk dreiv fiske i kortare periodar både i merovingartid og vikingtid. Uttrykket fjæremann kjem av fjordmenn som tyder menn frå fjordane. I tilknyting til tuftene på Liset er det også funne tre innhegningar, sju båtopptrekk og to moloar. Langs kysten finst det fleire liknande fiskevær som ber preg av sesongvist opphald. Få av desse er arkeologisk undersøkte, men ein veit at husa var av tre med tak av never og torv. I dag viser ofte berre dei låge, overgrodde grunnmurane. Vi veit førebels lite om omfanget og organiseringa av fisket i yngre jernalder. Truleg hadde regionale kongar og høvdingar kontroll med fisket gjennom fordeling og foredling av ressursane. Fisket var eit viktig næringstilskot både i indre og ytre del av fjordane. 

|