Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Màlstefna på Moldøen
Ulvesundet i sogene
Vikingskipet på Kapellneset
Gravfunn på Refvik
Gravfunn på Rimstad
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Màlstefna på Moldøen
I følgje sogene gjekk Magnus den gode i land i Ulvesund i 1035 og kalla bøndene til tings. Årsaka til møtet var truleg at Magnus ville bli hylla til norsk konge av nordfjordingane. Dersom han fekk denne hyllinga, ville han slå ein strek over tidlegare konfliktar som nordfjordingane hadde hatt med far hans, Olav den heilage. Magnus lovde at bøndene no skulle få betre lover og meir fridom.

Truleg kalla Magnus til tings på den vesle øya Moldøen i Ulvesundet. Frå øya er det godt utsyn til alle kantar og ein er trygg for overfall og overraskande åtak. Øya høvde nok særs godt til tingstad. Namnet Måløy kjem truleg av màlsstefna som tyder målstova eller stemnestova. Ein trur at stemneplassen var plassert ved søkket som ligg på vestre sida av øya.

Truleg gløymde Magnus straks kva han hadde lovd bøndene i Ulvesundet. I sogene kan vi lese at kongen likevel for så hardt fram med folket at dei gjorde oppstand fleire stader i landet. I denne situasjonen dikta Sigvat skald Bersogliversa. I dette kvadet var skalden svært ærleg og fortalde kva han meinte om framferda til kongen :

Vert ikkje vreid på vener
som vislege råd vil deg gjeve
og open tale brukar.
Di eiga ære det tener.
Folket, som sant det seier,
får no verre lover
og andre enn dei du eingong
i Ulvesund dei lova.

Kven er det som eggjar deg, herre,
til ditt ord så hardlynt å bryte?
Altfor ofte, min konge,
egger kvasse du brukar.
Ein sigersæl fyrste alltid
fast på sitt ord skal halde.
Gjevne lovnader gløyme
aldri for deg seg sømer

Etter denne påminninga ser det ut som kong Magnus kom på betre tankar. I 1040 eller 1041 inngjekk kong Magnus og folket eit endeleg forlik. Nye lover var innførte og avtalen frå Ulvesund vart stadfesta i Langøysundet på Nordmøre.

Professor Ebbe Hertzberg har samanlikna avtalen mellom Magnus og bøndene i Nordfjord i 1035 med det engelske fridomsbrevet Magna Charta, som vart inngått på den vesle øya Runnymede i Themsen i 1215. Kanskje kan vi kalle den vesle øya Moldøen i Ulvesundet for 'Norges Runnymede'?

Kjelder:
Wilhelm Kvalheim, Årbok i Nordfjord, 1951.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.

Ulvesundet i sogene
Stad og Stadhavet er kanskje dei namna frå Nordfjord som oftast går igjen i sogene. Som i våre dagar var Stadhavet ei frykta sjøstrekning i eldre tid. Båtar sat ofte verfaste i Måløy og Selje og venta på å få sigle vidare. Nokre gongar drog dei båtane sine over Dragseidet når det vart for lenge å vente og tida var knapp. Andre gongar slo dei seg i ro i lange tider. I Ulvesundet kunne båtane og båteigarane søke ly for dei verste stormane.

I Soga om Grette Åsmundsson som er tidfesta til om lag 1050 kan vi lese ei interessant historie om eit følgje som sit verfaste på storhamna i Ulvesundet. I soga står det nemnt at det var bygt eit hus på staden der farande folk kunne overnatte.

Sjølv om denne soga ikkje kan reknast for å vere ei truverdig historisk kjelde, er det slett ikkje usannsynleg at det i vikingtid og mellomalder eksisterte slike overnattingsstadar i Vågsøy eller Selje for sjøfolk og handelsfolk som kom forbi. I mellomalderen høyrer vi om såkalla sælehus for dei reisande.

I Snorre sine kongesoger kan vi lese om sønene til Eirik Blodøks som kom siglande nordover med ein stor hær kring 955. Dei var på veg til Nordmøre for å overraske kong Håkon, men i Ulvesundet vart dei liggjande verfaste i sju dagar før dei vågde turen rundt Stad. Dermed fekk kongen sine støttespelarar sendt bod til Håkon og åtvara han mot krigsskipa til Eiriksønene. Kongen møtte krigarane ved Rastarkalv på Nordmøre og vann slaget.

Brukar vi fantasien, kan vi levande førestille oss Eiriksønene sin frustrasjon over landligga i Vågsøy for over 1000 år sidan. Kanskje sat dei i sælehuset og diskuterte kva dei skulle gjere? Kven avslørte planane og fekk varsla kong Håkon?

Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.

Vikingskipet på Kapellneset
På Kapellneset i Vågsøy ligg ein vakker, liten kyrkjegard frå 1500-talet. Nedanfor kyrkjegarden vart det i 1949 funne restar av eit vikingskip. I myra vart det funne eit stykke av stamnen, ronga og nokre båtbord. Myra hadde tært bort naglane. Truleg er dette restar av eit skip som stranda der for nærare 1000 år sidan.

Vi kan levande førestille oss korleis skipet måtte gje tapt for ein av dei harde stormane i dette området. Restane av skipet låg for høgt oppe til at sjøen kunne ha klart å kaste skipet på land, så truleg hadde folk prøvd å berge det. Restane var for få til at ein kan vite noko om særskilt om vikingskipet.

Området på Kapellneset i Vågsøy er elles eit døme på den konflikten som kan oppstå mellom moderne næringar og spor frå ei svunne tid. I dag ligg kyrkjegarden frå 1500-talet som ei lita øy i eit industriområde i vekst. Frå Kapellneset er det vidt utsyn til Dragseidet, Røysakyrkja, Seljeklosteret og kapellet på Silda.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.

Gravfunn på Refvik
På Refvik er det i dag registrert fire gravhaugar og ei gravrøys. To av gravhaugane ligg ved enden av Refvikvatnet. Dei er om lag 10 meter i diameter, låge og ganske flate. Rundt kvar haug har det gått ei grøft som no er fylt att.

Dei to andre gravhaugane på Refvik er mellom 8 og 9 meter i diameter, låge og dekte av gras. Dei ligg på innmark som har blitt rydda for mykje stor stein.

Tett ovanfor vegen midtvegs mellom grenda og moloen ligg ei røys som er sterkt endra. Røysa kan ha vore 12-15 meter i diameter og om lag ein meter høg. Røysa er bygd av stein, og den øvre halve meteren er dekt av sand. I denne røysa vart det funne ei ubrend mannsgrav frå vikingtida (800-1050). Mannen låg med hovudet i sør og hadde fått med seg eit sverd, ei øks, ein sigd, ein kniv og eit bryne.

Elles i bygda er det gjort spreidde funn av saker frå yngre jernalder (550-1050). Det er mellom anna funne to kjøtknivar av reinsdyrhorn og ei vevskei av kvalbein. Kjøtknivane kan ha blitt brukte til gudsdyrking eller til trolling. Det er også funne ei øks frå om lag år 800 og ein kopp av kleberstein i bygda.

Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB

Gravfunn på Rimstad
Fruhaugen var opphavleg ein gravhaug som låg på ein naturleg haug på Rimstad i Vågsøy. I dag er gravhaugen borte, men den naturlege haugen har overteke namnet Fruhaugen.

I haugen vart det oppdaga eit hellelagt kammer som var 2 meter langt og om lag 1,8 meter høgt. Både taket og golvet var hellelagde. Taket var bygt i fleire lag slik at det var høgare i midten.

I hellekammeret vart det funne ei kvinnegrav frå vikingtida. Her låg to små, ovale spenner av bronse, 14 glasmosaikkperler og 14 kljåsteinar.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje