Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Gravene på Eide
Gravene på Bø
Ei rik grav på Mindresunde
Gravfunn i Hjelledalen
Batasteinen i Guddal
Jernaldergravene i Stryn
Ei vikinggrav på Hilde
Ei volve på Hilde?
Steinkrossen i Loen
Vetestova på Ulvedal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Gravene på Eide
På gardane Ytreeide, Kyrkjeeide og Øvreeide mellom Strynebukta og Strynsvatnet er det funne fleire haugar og graver under flat mark frå eldre og yngre jernalder. Gardane var opphavleg ein gard og heitte Eide. Medan gravene frå eldre jernalder er funne i til dels store og synlege haugar, er gravene frå yngre jernalder hovudsakleg frå små haugar og graver under flat mark. Dei mange gravene og rike gravgåvene tyder på at Eide var ein sentral gard i Indre Nordfjord i eldre tid.

På Kyrkjeeide er det funne ei brend mannsgrav frå yngre jernalder i ein liten haug. I grava låg piler, skjold, hestebeksel, ei "rangle" med krok, ein celt (øks), høvel, kniv, bor, syl, skiferbryne og eit beslag. Eit sverd som høyrde til denne grava er kome bort.

I nærleiken av denne grava er det også funne ei ubrend mannsgrav med eit sverd og eit spyd frå merovingartid. Nokre meter frå den vesle haugen er det også funne tre sigdar frå yngre jernalder. Desse stammar kanskje frå ei grav.

På Konndalsreina på Kyrkjeeide er det funne to rike kvinnegraver frå vikingtid. Begge var graver under flat mark. I den første grava vart det funne to hengesmykke, heile 30 glasperler, snellehjul, saks og spor etter tannemalje.

I Herreåkeren på Kyrkjeeide er det funne ei grav under flat mark. Den døde låg i ei trekiste som var dekt med fem heller. Hovudet låg i vest. I denne grava vart det funne to ovale spenner, seletøy til hest, lampe, skrin, saks, sigd, snellehjul, nålebryne, steikepanne, gryte av kleberstein, flint, kvartsitt og glimmer.

På Ytreeide er det funne ei brend kvinnegrav frå yngre jernalder. Grava var skore ned i grunnen utan heller i sidene, men dekt med tre heller på ein meter kvar. I grava hadde kvinna med seg ein armring av bronse, glasperler, eit hestebeksel, vevskeier og kljåsteinar.

Også på Øvreeide er det funne ei grav frå yngre jernalder. Den nøyaktige funnstaden er usikker. I grava låg eit hestebeksel, ei sigd og ei jernspenne. På den same garden er det også funne eit sverd frå yngre jernalder.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.

Gravene på Bø
På Bø i Nedstryn er det funne fleire graver frå eldre og yngre jernalder. Saman med garden Eide var Bø truleg ein sentral gard i indre Nordfjord i eldre tid.

Gravene frå yngre jernalder omfattar ei ubrend mannsgrav med eit sverd, eit spyd, ei øks, eit skjold, eit beksel, tverrøks, navar, ljå, saks og kniv og ei ubrend kvinnegrav med ei vevskei og ein ullkam. Ei ubrend mannsgrav er sikkert datert til merovingartid og inneheldt to spyd og ei bronseskål. Den siste grava var ei ubrend mannsgrav som er sikkert datert til vikingtid. Vikingen hadde fått med seg eit hestebeksel og eit spyd i grava.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.

Ei rik grav på Mindresunde
På Mindresunde var det i tidlegare tider eit gravfelt med fem graver, minst tre haugar, ein langhaug og ei grav under flat mark. Dei fleste funna er frå eldre jernalder, men to av gravfunna er sikkert datert til yngre jernalder. I dag er det berre langhaugen som ligg i nede ved vatnet som er synleg.

I ein haug med ein reist stein på toppen vart det funne ei mannslang kiste av steinheller. I kista var det gravlagd ei ubrend kvinne. Kvinna hadde fått med seg to ovale spenner og ei irsk ringnål i døden. Her låg heile 50 perler av glas, rav og mosaikk. I tillegg låg her ein steindupp, ein bronsenøkkel, snellehjul, kljåsteinar og ei jernnål.

I ei grav under flat mark på garden er det også funne ei brent mannsgrav frå yngre jernalder. I denne grava er det funne eit sverd og eit spyd.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.

Gravfunn i Hjelledalen
På gardane Glomnes, Hjelle, Folven og Guddal i Stryn er det avdekt ei rekkje gravhaugar hovudsakleg frå vikingtida. Gravene er rike og interessante og fortel at det budde velståande folk på gardane for over 1000 år sidan.

I ein av haugane på Guddal er det funne ei lang, oval gravkiste bygd av fine små heller. Forma tyder på at det er ei symbolsk etterlikning av ei båtgrav. I grava er det funne fire brosjar av bronse, to små, tynne gullringar, 13 vakre perler av glas, hjulet til ei handsnelle, tindar til ei linhekle, to steikepanner, to sakser, eldstål, del av eit beksel og to nøklar. Dette gravinnhaldet fortel oss at det mest sannsynleg er to kvinner som er gravlagde saman i haugen. Kanskje var det ei tenestejente som måtte følgje husfrua i grava?

På Guddal er det også avdekt ei ubrend mannsgrav og ei brend kvinnegrav frå vikingtida. Mannen hadde fullt våpenutstyr med sverd, spyd, øks, piler, skjold og kniv. Han hadde også med seg eit bryne, ein jarnkjele, eit skrin, og glasperler. Kvinna hadde med seg både glasperler, krystallperler, jarnspenner, saks, kniv, ullkam, snellehjul og eit skrin med nøkkel.

I andre haugar på Guddal er det funne fleire manns- og kvinnegraver frå vikingtida med gravgåver som reiskap, våpen og pynteting. Det er mellom anna avdekt ei ubrend mannsgrav med tveeggja sverd, spyd, piler, øks, skjold, kniv, beisel, fil, sigd, eldjarn, skiferbryne, sylindrisk slipestein, gryte av kleberstein og skrin. Det er også funne ei ubrend kvinnegrav frå vikingtida med ei oval spenne, kniv, ullkam, kljåstein og skrin.

Frå gravene som er funne på Folven kan ein nemne ei ubrend kvinnegrav frå vikingtida som vart avdekt i ein haug som tidlegare stod rett ved riksvegen. I haugen var der eit rom av reiste heller med helletak. Kvinna frå Folven hadde med seg ovale spenner, eit irsk bronsebeslag, øks, saks, skrin med nøkkel, glasperler, snellehjul og skiferbryne

Etter spora å dømme var gardane i Hjelledalen livlege og folksame stader i vikingtida. Folk var velståande og når dei døde fekk dei med seg rike gåver.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, Universitetet i Bergen, 1961

Bautasteinen i Guddal
I Guddal i Oppstryn er ein gamal gard med mange spor etter menneskeleg aktivitet i eldre og yngre jernalder. Tidlegare var det mange gravhaugar og røyser på garden.

I følgje segna som er gjengitt av Jakob Aaland vart garden Guddal bygt av brørne Eirik Hol og Sigurd Stokk. Desse var med i eit slag i Frøysjøen ved Bremanger, men rømte frå krigen og slo seg ned i Oppstryn. Den eine av karane hadde ein son som heitte Gaute. Han flytta til faren og busette seg der. Garden fekk etter dette namnet Gautdal.

I følgje segna stod dei første gardshusa på Husteigane der det no står ein stor bautastein.

Segna fortel vidare at bautasteinen opphavleg var staven til ein jøtul. Jøtulen tok tak i steinen og støtta seg til han ein gong han skulle gå over elva i Guddal. Jøtulen var tung og støtta seg på hardt på steinen at han brotna i to. Den kortaste enden let han ligge att med desse orda:
Etter di du brotna av for mine kne,
så skal du liggje der for folk og fe.

Den lengste enden kasta han dit steinen står i dag. Bautasteinen har namnet Jutelen og er heile 4,5 meter høg, 35 cm tjukk og 20-75 cm brei. Han hallar mot aust. Flatsidene vender mot nord og sør.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord. Frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, Universitetet i Bergen, 1961

Jernaldergraver i Stryn
I eldre jernalder var busetnaden i Nordfjord hovudsakleg konsentrert rundt Gloppefjorden og i Strynedalen. I yngre jernalder spreidde busetnaden seg og nye gardar vart rydda. Sjølv om dei rikaste funna frå yngre jernalder frå Eid, er det funne mykje spennande både i Gloppen og i Stryn frå denne perioden.

I Stryn tyder funn frå Eide, Bø og Guddal på at det budde rike og mektige slekter på desse gardane i eldre tid. Funn av utanlandske sverd og smykke tyder på kontakt med andre delar av verda. Høgst truleg deltok også stryningane på handelsferder og vikingtokter sørover og vestover i Europa.

Men det er gjort mange funn på andre gardar i Stryn også. Både på Mindresunde og på Storesunde er det funne graver frå merovingartid og vikingtid. På Fure, Flo, Nesi og Fosnes er det avdekt mange og opplysande gravfunn.

På Flo er det funne ei brend kvinne- og mannsgrav i båt frå yngre jernalder. Til mannsgrava høyrer sverd, øks, ljå, sigd, høvel, meisel og båtastrek. Til kvinnegrava høyrer ein ullkam og ei oval spenne. Andre ting som er funne i denne fellesgrava er kniv, beksel, nøkkel, klinknaglar og glasperler. Perlene er diverre forsvunne.

På garden Fosnes ved Strynevatnet er det mellom anna funne ei brend mannsgrav frå merovingartid med to sverd, øks, piler, skjold, beksel og ei rekkje andre reiskap i.

I Erdal i Oppstryn er det funne fleire økser, spyd og sverd frå yngre jernalder.

I bygdene langs Nordfjorden i Stryn kommune er det også gjort ei rekkje funn frå yngre jernalder. I Loen låg det tidlegare fem haugar i rad rett ovanfor den såkalla Tiendebusteinen. I ein av haugane vart det funne ei ubrend mannsgrav frå yngre jernalder, ei øks og to glasperler. Det er også funne ei brent mannsgrav frå vikingtida i bygda. I denne grava fanst eit sverd, øks, piler, skjold, holcelt (øks), navar, ljå, beksel og eit skrin. Den siste grava vi kan nemne frå Loen er ei ubrend kvinnegrav frå yngre jernalder med to ovale spenner med lenke mellom, vevskei, steikepanne, saks og sigd.

På garden Breng langs Loenvatnet er det funne tre ubrende mannsgraver frå yngre jernalder. Gravgåvene var ganske smålåtne og omfatta spyd, økser, kniv og bryne. På Hogrenning er det funne ei brent mannsgrav frå merovingartid.

I Bødalen er det funne fleire graver både frå eldre og yngre jernalder. Mellom anna kan vi nemne ei brend mannsgrav med sverd, piler, øks, kniv, tverrøks, navar, fil, bryne, beisel, skrin og to glasperler.

Også på gardane Skarstein, Måri, Eide og Storesunde i Oldedalen er det funne mange gravfunn frå denne perioden. På Beinnes er det til dømes funne ei ubrend kvinnegrav. Som gravgåver hadde kvinna fått to ovale spenner, ringnål, vevskei, ullkam, eit par knivar, bryne og nokre grøne glasperler.

I Innvik har garden Hilde flest og rikast funn frå yngre jernalder. På denne garden skal det ha vore opptil 17 haugar og graver under flat mark. Dei fleste er undersøkte av ukunnige personar. Elles er det gjort funn både på Langve, Lyslo og Skodi.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, Universitetet i Bergen, 1961
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Innvik prestegjeld, Universitetet i Bergen, 1961
Jacob Aaland, Nordfjord. Frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag.art, UiB 1967.

Ei vikinggrav på Hilde
På garden Hilde, aust for Innvik kyrkje, låg det tidlegare to gravhaugar. I dag er haugane delvis utjamna, men ein kan framleis skjelne dei.

På starten av 1900-talet vart det avdekt eit merkeleg gravfunn frå vikingtida i den eine haugen. Her fann arkeologane ei mengd jernsaker som må ha høyrt til ei gravlegging med likbrenning. Det vart funne to sverd, ein spydspiss, ei øks og ein svær våpenkniv, ein del av eit beksel, ein tollekniv, ei steikepanne, vevskei og kljåstein til ein vevstol, linhekle, handsnelle og mindre jernbeslag.

Sidan alle desse tinga er funne på same staden og dei omfatta både kvinnesaker og mannssaker, ser det ut som dette var ei fellesgrav for ein mann og ei kvinne. I den heidenske gravskikken i vikingtida var det ikkje uvanleg at mann og hustru vart brent saman på eit felles likbål.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord. Frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.
Kari Charlotte Larsen, Sagastad, Arkeologisk-historisk presentasjonssenter, forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Ei volve på Hilde?
På garden Hilde, aust for Innvik kyrkje, låg de tidlegare to gravhaugar. I dag er haugane delvis utjamna, men ein kan framleis skjelne dei.

I den eine haugen vart det funne ei dobbeltgrav frå vikingtida. I den andre haugen på Hilde fann arkeologane ei brent båtgrav. Gravgåvene tyder på at det var ei kvinne som var gravlagd i haugen.

Saman med kol og stykker av brente bein vart det funne smykke, kjøkentøy og reiskap. I grava låg også to brosjar av bronse, perler av sølv, glas og krystall, ein bronsekjele, ein ristegaffel, gryte, saks, knivar, handsnelle, vevskei, hasper, nøkkel, beslag til ei kiste, saum og andre stykker av jern til båten.

I grava vart det også avdekt ein underleg jernstav som tidlegare er tolka som eit steikespyd. Dette kan også tolkast som ein volvestav, eit kvinneleg kultsymbol. Volva var gjerne ei eldre kvinne som reiste rundt på gardane. Ho kunne sjå alt som var skjult i fortid og i notid, og hadde ein viss religiøs påverknadskraft i samfunnet.

I tillegg vart det funne ein fin liten jernring med ni små krossar av jern. Dette er mest sannsynleg ein liten amulett og ein heilag gjenstand som skulle verje eigaren. Korsa er eigentleg torshamrar, eit symbol som var utbreidd i Norden i den siste heidenske tida. Grava på Hilde i Innvik er frå 900-talet, om lag frå Håkon den gode sin periode.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord. Frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.
Kari Charlotte Larsen, Sagastad, Arkeologisk-historisk presentasjonssenter, forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Steinkrossen i Loen
Steinkrossen i Loen er eit typisk døme på ein kross med keltisk form. Han har klart avrunda armholer og eit hol i midten. Den må karakteriserast som primitiv fordi den eine krossarmen er lengre enn den andre. Krossen er truleg eit døme på den keltiske krosskulturen sin avleggjar langs Nord-Vestlandet. I Noreg finn ein den keltiske krosstypen berre på den nordlege delen av Vestlandet, særleg i område som soknar til Selje og Kinn.

I dag står krossen i Loen på kyrkjegarden. Sannsynlegvis stod han opphavleg i Krossvika, nedanfor kyrkja. Segna fortel at krossen vart flytta frå Krossvika og inn på kyrkjegarden for å brukast til gravstein for ein ung løytnant som omkom i ei ulukke. Historia fortel at løytnanten hadde vedda med nokre kameratar om han torde å hente Bibelen frå altaret ved midnatt. Løytnanten gjorde dette, men døydde då han hoppa over kyrkjegardsmuren i mørkret og fekk ein staur i magen.

Truleg har krossen i Loen opphavleg vore knytt til ein bønne- eller samlingsstad i misjonstida i Loen på 800- og 900-talet e.Kr. Ein teori er at slike krossar vart sette opp for å markere gudstenestestad før det kom opp ei kyrkje. Kanskje har desse plassane vore samlingsstad og bønneplass både før og etter at det vart reist kyrkje på staden?

Kjelder:
Olaf Sig. Gundersen, "Steinkrossar i Nordfjord frå tidleg mellomalder", Jul i Nordfjord 1995.

Vetestova på Ulvedal
Høgt oppe på ein bergknaus på Ulvedal i Stryn står ei gammal vetestove. Sjølve stova som står der i dag er neppe eldre enn om lag 300 år. Men det har truleg vore vete og vetestove på Ulvedal lenge før dette. Truleg har det stått vetestover på same tufta tidlegare.

Ei vetestove er eit hus som gav ly for dei som heldt vakt på vetane. I eldre tid brukte ein vetane hovudsakleg for å varsle ufred. Varselet gjekk frå vete til vete, frå bygd til bygd, og folk fekk tid til å gjere seg klar til kamp.

Vetestova på Ulvedal er på mange måtar symbol på viljen og evna til å forsvare seg og sine. I det siste hundreåret er vetane også brukte til å symbolisere siger eller feiring.

Kjelder:
Jan Kåre Fure, Ola Nyhagen, Arvid Rygg, "Frå gamle Dragseidvegen i Selje til fallosstein i Oppstryn", Årbok for Nordfjord 1997.
Arne Berg, "Vetestova på Ulvedal", Årbok for Nordfjord 2000.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje