Gamalt båtdrag over Dragseidet
Namnet Dragseidet vitnar om eit fenomen som også er kjent frå andre stader langs kysten av Noreg. Når det var dårleg vêr og vanskeleg å sigle på Stadhavet, hende det at dei farande drog båtane over land. Denne metoden vart kanskje også nytta i ufredstider, når det var viktig å kome fort fram. I vikingtida var Stad og Dragseidet svært viktige punkt for skipstrafikken langs kysten.
Vi veit ikkje nøyaktig kvar dei drog båtane over. Det er likevel sannsynleg at transporten vart gjort der terrenget var lettast. Vegen som går over eidet i dag er ein postveg frå 1800-talet. Den er omlag fem kilometer lang og går opptil 240 m over havet.
Det høgste punktet på Dragseidet er Kongshaugen, og etter soga var det her Olav Tryggvason kristna fire fylke i 997 e.Kr. I 1919 vart det sett opp ein bautastein på haugen til minne om kristninga. Litt lenger mot nord står Olavskrossen som vart reist i 1913. Dette punktet skal markere staden der folk vart døypte. Kjelder:
Inger Eikeland Flåten og Ingvild Austad, Vegen over Berstadeidet. Ei natur- og kulturhistorisk undersøking langs den gamle ferdslevegen i kommunane Selje og Vågsøy, Rapport 4, avd. for naturfag, HSH 1996.
Ragnvald Berge, "Kongevegen over Mannseidet", i Årbok for Nordfjord 1977.
Anne-Marie Førde, "Kulturminneåret 97….far etter dei som gjekk føre", Årbok for Nordfjord 1997.
Olav Tryggvason på Dragseidet
Helgenstaden på Selja oppstod då Olav Tryggvason og biskopen hans, Sigurd, i 996 erklærte at det var funne heilage mannebein og relikviar på Selja.
Året etter kalla Olav Tryggvason til ting på Kongshaugen, det høgste punktet på Dragseidet i Selje. Her møtte stormenn frå Sogn, Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal for å bli omvende til kristendomen. Både Odd Munk og Snorre skriv om denne hendinga i sogene sine om Olav Tryggvason. I 1190 skreiv Odd Munk dette: "I det andre styringsåret sitt stemde kongen folket til tings på Dragseidet. Bodet til kongen spurdest vide, og mykje folk møtte fram, både menn og kvinner, unge og gamle. Kongen stod opp og tala. Han bad alt folket om å ta ved kristendomen, og så mykje miskunn følgde kongens ord, at dei som var komne til tings, harde i hugen, vart møykte av det kongen sa, og dei let seg døype. Kongen gjorde alle trollmenn og seidmenn utlæge, både karar og koner." I Snorres kongesoger frå om lag 1220 får vi ein litt annan versjon av kristningstinget på Dragseidet. Snorre fortel at kongen truga dei frammøtte med krig om dei ikkje let seg døype: 'Same hausten stemde kong Olav bøndene til tings frå fire fylke nord på Dragseidet på Stad. Der skulle det kome folk frå Sogn og Fjordane, og Sunnmøre og Romsdal. Kong Olav kom dit med mykje folk som han hadde hatt med seg austanfrå, og dessutan dei som var komne til han i Hordaland og Rogaland. Då kong Olav kom til tinget, baud han dei kristendommen, der som andre stader, og fordi kongen hadde ein stor hærstyrke der, vart dei skremde. På slutten av talen sin, baud kongen dei to vilkår: anten skulle dei ta imot kristendomen og late seg døype, eller så skulle dei halde slag med han. Men då bøndene såg at det ikkje var råd å slost med kongen, vart det avgjort at alt folket skulle la seg kristne. Etter dette fór kong Olav med hæren sin til Nordmøre og kristna det fylket.' Kjelder:
Torkjell Djupedal, Kulturhistorisk handbok, Selja forlag, 1996 s. 36-38, 149-152.
Snorres kongesagaer
Odd Munks soge om Olav Tryggvason
Ervik og Ervik-ætta
På Ervik budde ei sterk ætt i yngre jernalder. Frå skriftlege kjelder høyrer vi om Lodin av Ervik. Han var ein lokal høvding som vart drepen ein gong på 900-talet, kanskje av stormannen Torolv Skjalg frå Sola, far til Erling Skjalgsson.
Sonen til Lodin, Ragnvald av Ervik, tok seinare hemn og brende Torolv Skjalg inne. Ragnvald av Ervik er seinare kjend for at han var med Håkon Jarl i slaget i Hjørungavåg i 986. Ervik svært sentralt til langs ei utsett sjøleie. I sanden på Ervik er det gjort mange funn frå forskjellige tidsperiodar. Mange av funna er truleg vrakfunn. Det er mellom anna funne bronsespenner frå eldre jernalder og ein angelsaksisk sølvmynt frå merovingartid, samt ei rekkje saker frå mellomalder og fram til 1700-talet. I sanden er det også funne kleberskor og fiskesøkke frå vikingtida og to beltesteinar frå eldre jernalder. Nokre meter frå stranda på Ervik ligg Kjempehaugen som er ein menneskebygd haug som truleg er frå yngre jernalder. Haugen er 10 meter i diameter og om lag ein meter høg. Det er ikkje gjort funn i haugen. Like ved kapellet på Ervik ligg også tre små haugar frå yngre jernalder. Kjelder:
Torkjell Djupedal, Selja. Kulturhistorisk handbok, s. 28, 1996.
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Bø og Hove
Garden Bø ligg på austsida av øya Selja. Truleg har Bø tidlegare vore den einaste garden på Selja, og har også omfatta dei dyrkbare områda søraust på øya. På Selja ligg ei rekkje røyser, nokre er gravrøyser medan andre truleg er rydningsrøyser.

Medan nokre av gardane inst i Moldefjorden har funn både frå det 4. og det 6. hundreåret, er dei eldste funna på Bø frå merovingartid (550-800 e.Kr.). I mellomalderen var både øya Selja med klosteret og garden Bø svært sentrale stader i Nordfjord. Det vart bygt ei kyrkje på Bø i denne perioden. Den nærmaste garden til Bø er Hove som ligg på fastlandet tvers over sundet. Dette er ein av dei to gardane i Nordfjord som har namn forbunde med ordet hov. Den andre garden er Hopland i Stryn. Ved kyrkja på Hove ligg eit gravfelt med om lag 25 røyser og haugar. Feltet er frå jernalder, og opphavleg var det nok mange fleire graver enn dei som er synlege i dag. Det er ikkje registrerte funn frå haugane. Kjelder:
Eldrid Straume, Studier i Nordfjords eldre jernalder,1957.Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder,1967. Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minner frå Fjordane, Selje prestegjeld, UiB 1960.
Ei vikinggrav på Hatlenes
På Hatlenes i Selje er det mellom anna funne ei kvinnegrav frå tidleg vikingtid. Blant gravgodset til kvinna vart det funne ei oval spenne og 20 glasperler. Slike spenner var vanleg pynt i vikingtida. Kvinnene bar ei spenne på kvar aksel for å halde oppe selane på skjørtet. Ofte hadde kvinnene også eit perlekjede mellom spennene og kanskje også ei spenne på brystet.
Kvinna på Hatlenes hadde også fått med seg eit handteinshjul til spinning, kljåsteinar til veving og mange grytebrot av kleber. Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Kleberbrotet på Fure
Heilt ute mot havet på Furestaven i Selje ligg ein knute av kleberstein. Knuten ligg om lag 50 meter over havet. I veggen er det spor etter om lag 50 gryteuttak, men ingen uferdige gryter. Det er lett å kome seg opp og ned frå sjøen, men kanskje ikkje alltid like lett å kome seg om bord i ein båt frå denne staden?
Kleberbrotet kan vere frå vikingtida, men er truleg yngre. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minner frå Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1958.
|