Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Gravene på Tomasgard
Gravene på Grodås
Kvinna frå Maurset
Gravfunn på Bakke
Vetestova på Ytrehornsnakken
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Gravene på Tomasgard
Det er ikkje så mange spor etter menneskeleg aktivitet i Hornindal før jernalderen tok til. Ei av årsakene til at det er lite spor etter menneska i Hornindal kan til dømes skuldast ein lokal gravskikk. Kanskje var det slik at honndølene gravla sine døde utan å bygge gravhaug over grava? I Hennebygda i Eid er det påvist at det eksisterte ein slik lokal gravskikk. Det er ikkje umogleg at dette var tilfelle også i Hornindal.

Frå slutten av det 7. hundreåret viser funna i Nordfjord at busetnaden spreier seg. Menneska ryddar nytt land og etablerar nye gardar. Dette er ein tendens som aukar i omfang i vikingtid. Dei arkeologiske funna i Hornindal skriv seg frå eldre og hovudsakleg yngre jernalder.

På Tomasgard låg det tidlegare fleire gravhaugar, men berre eitt gravfunn er kjent. I ein haug på flata nær den gamle mellomgardsvegen er ein mann funne gravlagt. Den døde var brend og som gravgåver hadde han fått med seg eit sverd, eit spyd, to piler, ein kniv, ein skav, eit bryne, ei ringnål og ei glasperle. På same garden er det også funne ei øks frå denne perioden. Denne øksa kan ha kome frå ei grav under flat mark.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag. art, 1967.

Gravene på Grodås
På Grodås låg det tidlegare to steinkransar. Under den eine kransen var det eit søkk i bakken som var dekt med stein, kol og oske. Det vart ikkje gjort funn av gjenstandar i denne grava. Under den andre kransen var det eit søkk som var dekt av to steinheller. Under hellene låg det mykje kol, oske, jord og sand.

På botnen under hellene vart det funne ei ubrend kvinnegrav frå yngre jernalder. Kvinna hadde fått med seg to ovale spenner, eit nålehus, ein kniv, eit skrin med nøkkel, samt grovt og fint tøy. Funnet er datert til det 9. hundreåret. Garden Grodås vart truleg tatt opp i yngre jernalder.

Ved Årane, den gamle landingsplassen ved Hornindalsvatnet på Grodås, er det funne eit sverd frå yngre jernalder. Sverdet låg under ein stein. Ved alders- og sjukeheimen på Grodås er det funne ei øks frå merovingartid. I same området er det også avdekt ei rekkje bollar av kleberstein.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag.art, UiB 1967.

Kvinna frå Maurset
På Maurset på grensa mellom Hornindal og Stryn er det funne fleire haugar og graver frå jernalderen. I ein av haugane er det funne ei ubrend kvinnegrav.

Som gravgåver hadde kvinna med seg to ovale spenner. I tillegg hadde ho ei likearma spenne, eit nålehus, samt perler av glas, rav og jet.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.

Gravfunn på Bakke
Funn frå garden Bakke i indre Hornindal tyder på at garden var busett også i vikingtida. Over ei periode på mange tiår er det funne eit sverd, eit spyd, ei øks og ein kniv frå ei brend mannsgrav. Sakene låg spreidde på forskjellige stader, men har truleg kome frå ei og same grav.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.

Vetestova på Ytrehornsnakken
På Ytrehornsnakken i Hornindal står ein bautastein som er heile 6,5 m høg, om lag 1 meter brei og 35 cm tjukk. Den er synleg frå store delar av Hornindal. Bautasteinen vart sett opp i 1914, og er såleis ikkje førhistorisk. Men steinen står på førhistorisk grunn. I eldre tid stod her ein vete som vart kveikt når fiendar nærma seg. Frå veten var det godt utsyn både til veten på Åsebønakken og veten på Muldsvorhornet. På denne måten gjekk det varsel frå bygd til bygd om at folk måtte bu seg til kamp.

Like i nærleiken av veten stod det ei vetestove i eldre tid. I dag kan ein enno skimte merker etter beresteinane som stod i hjørna på vetestova.

Kjelder:
Erling Tomasgard, "Bautaen på Ytrehornsnakken", i Paul Tomasgard (red.), Historisk Årsskrift, nr. 5, 1989. Utgjeve av Hornindal Historielag.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje