Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Importfunn i Gloppen
To spenner frå merovingartid
Frua på Sandal
Storbonden på Bø
Reiskapsgraver i Gloppen
Kvinna på Arnestad
Storkaren på Gimmestad
Steinkrossen på Rygg
Steinkrossen på Vereide
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Importfunn i Gloppen
Gloppen er eit område som er svært rikt på funn frå vikingtid (800-1050). Det er mellom anna gjort store og interessante funn på gardane Sanddal, Bø, Skrøppa, Gimmestad og Sande.

Mange av funna inneheld smykke, våpen og prydgjenstandar frå forskjellige land i Vest-Europa. Sjølv om nokre av desse funna sikkert kom til bygda som gåver og handelsvarer, er nok ein heil del reint røvargods.

Innleiinga til dei skandinaviske plyndringsferdene var åtaket på St. Cuthberts heilage kloster på øya Lindisfarne utanfor kysten av Nordaust-England i 793. Funn av vesteuropeisk importgods i vestnorske graver frå 800-talet har ein klar samanheng med denne og seinare vikingferder. Det reknast som sikkert at både glopparar og andre nordfjordingar deltok i desse ferdene.

To merovingartids spenner
På garden Skrøppa i Breim er det funne ei oval, konisk bronsespenne som er typisk for merovingartid (550-800), men relativt sjeldan på Vestlandet. Truleg er ho laga i Trøndelag i byrjinga av 600-talet etter Kr. Spenna er berre fire cm lang med ein innrissa samankropen dyrefigur på. Desse spennene kom før dei store, ovale spennene som vikingkvinnene bar for å halde selane på skjørtet saman over skuldrene.

I ei røys på garden Arnestad på sørsida av Gloppefjorden er det funne ei sjeldan og vakker forgylt bronsespenne frå slutten av 600-talet etter Kr. Spenna er rektangulær og dekorert i germansk dyrestil. Mønsteret består av fire dyrekroppar som er fletta inn i kvarandre. Slike platespenner er svært sjeldne i Noreg, men vanlegare i Danmark og Sverige. Truleg er spenna frå Arnestad laga i Danmark eller i Sør-Sverige.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 189-190.

Frua på Sandal
Det arkeologiske materialet frå Breim tyder på at dei største gardane i Breim frå slutten av eldre jernalder og starten av yngre jernalder var Bø, Setre, Skrøppa, Sårheim og Bjørnarheim. På Sårheim er det funne fleire graver frå vikingtid med vakre gravgåver.

Frå yngre jernalder ser det ut som Sandal også kjem til som ein rik gard. På Sandal er det avdekt ein gravplass med funn frå 700- og 800-talet. På garden ligg det fem gravhaugar der det er avdekt ei rik kvinnegrav og to mannsgraver frå yngre jernalder.

Frua på Sandal var gravlagt i ein selestakk halden saman av to ovale spenner. Mellom spennene har det hengt eit kjede av mørkeblå glasperler, sølv- og gullfolierte perler og to mandelforma ametystar. Desse ametystane er svært sjeldne, og truleg slipt i Midt-Austen.

I grava er det også funne restar etter eit grønt, traktforma, frankisk glas. Desse glasa var svært populære i Noreg og vart omsette på dei ulike marknadsplassane i landet. På marknadsplassen Kaupang i Vestfold er det til dømes funne fleire skår av slike glas.

Kvinna hadde også på seg ei kappe halden saman av ei kappespenne av bronse med eit rammeverk innlagt med emalje. Arkeologane meiner at spenna eigentleg var eit reimfestebeslag på eit irsk relikvieskrin. Det kan tenkjast at spenna var eit bytte frå ei plyndringsferd i eit kloster eller kyrkje på dei britiske øyane.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 201-202.

Storbonden på Bø
På Bø i Breim er det funne ei rik mannsgrav frå om lag år 800 e.Kr. Den døde var brent og hadde svært mange gravgåver. Sjølv i dag er det snakk om over 100 gjenstandar! Denne store mengda av gåver tyder på at mannen var ein av dei rikaste bøndene i bygda. Grava hans vart diverre spadd opp av ukunnige folk. Mange opplysningar om denne mannen har difor gått tapt.

Av smedverkty hadde mannen med seg ein ambolt, tenger, hamrar, eit trådjern og ei lita ause av jern. Snikkarverktyet var samansett av knivar, høveljern, korketrekkjarbor, filer og meisel. Av jordbruksreiskap hadde han med seg holkøks, saks, ljå, sigdar, kniv og bryner.

Storbonden hadde også med seg eit einegga sverd med hjalt og knapp, våpenøks og jernspissar til 30 piler. To beksel fortel oss at han hadde ridedyr i stallen sin. Han hadde også fått med seg hengslar, låser og nøklar til fleire store kister eller skrin.

Meir personlege ting som ei skålvekt av bronse, ein langkam og 15 spelebrikker av bein hadde også fått plass i grava. Han hadde også med seg ei stor jernkjele og to brannjern. I jernkjelen låg mannen sine brende og reinsa knoklar.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 197-199.

Reiskapsgraver i Gloppen
I 1922 vart det funne ei mannsgrav på Ryssdal i Breim. Mannen hadde fått med seg ein ambolt, ein hammar, to eldstål og ei holkøks i grava. Dette er gjenstandar som kan tyde på at mannen var smed. Slagg funne på jorda og i myrene i nærleiken viser at det var stor jernvinne i området i eldre tider.

I Kolbeinshogjen på Gimmestad er det funne ei mannsgrav med liknande innhald: to eineggja sverd, øks, holkøks, kniv, ambolt, fire ulike hamrar, fil, smedtang og eit ljåblad. I ei grav på Arnestad er det funne våpen, smedreiskap, saks, ei bjølle og eit bryne.

Desse gravene er gode døme på dei endringane som fann stad i gravskikken i yngre jernalder. Dei velståande bøndene fekk reiskap med seg i grava. Det er ikkje lenger luksusting importerte frå kontinentet som dominerer.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s. 191-192.

Kvinna på Arnestad
På garden Arnestad på sørsida av Gloppefjorden har det tidlegare vore minst sju gravhaugar. Funna i haugane daterast til merovingartid og vikingtid.

Omlag år 900 vart det gravlagd ei velståande kvinne på Arnestad. Kvinna vart brend og leivningane lagt i ei urne dekt av never. Over grava var det bygd ein langhaug som i 1900 målte 25 gongar 8 meter og var 1 meter høg.

Kvinna var truleg gravlagd i dei finaste kleda sine. Ho hadde selekjole av ull med bluse av lin eller tynn ull inni. Over skuldrene hadde ho ei kappe av ull. Selekjolen var halden saman av to sjeldne, store og ovale bronsespenner.

I halslinninga på blusen har ho hatt ei lita brosje av forgylt bronse. Ei større, men liknande brosje har halde saman kappa. Mellom dei ovale spennene har det hengt eit kjede av fem forgylte hengesmykker av bronse med store perler av fajanse, karneol, bergkrystall og små, grøne glasperler.

Kvinna var gravlagd saman med beksel, utstyr til karding, spinning og veving, saks, kniv, steikepanne, jernkjel og steikespidd.

Nokre meter ved sidan av Arnestad-kvinna fann arkeologane eit flak med trekol og brende bein av eit menneske. Kan dette vere restane etter ei tenestekvinne som måtte følgje husfrua i grava?

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 198-201, 216-217.

Storkaren på Gimmestad
Gimmestad og nabogarden Arnestad har dei fleste og rikaste funna frå yngre jernalder på sørsida av Gloppefjorden. Gimmestad var den største av gardane. I tidleg mellomalder vart det bygt ei kyrkje der, og både skipsreia og soknet fekk namn etter garden.

Vi kjenner til fire gravhaugar på Gimmestad. I dag er det berre to igjen, Kolbeinshogjen og Huldrehogjen. Kolbeinshogjen viste seg å innehalde funn frå det 5., 8. og 10. hundreåret.

I 1890-1891 vart Huldrehogjen utgreven. Haugen var 23 meter i tverrmål og 4,5 meter høg. Haugen var bygt av grus over ei røys av stein. I haugen vart det funne ein mann. Han var brend, knoklane var reinsa og leivningane var lagt i eit bronsefat.

På toppen av beinleivningane låg ei skålvekt av bronse i eit futteral. På toppen av dette var det plassert eit skjold.

Mannen i grava hadde med seg eit flott sverd med hjalter av sølv pryda med ornament. I klinga stod det VLFBERH + T med latinske bokstavar. Det er funne fleire slike kvalitetssverd i Noreg. I Nordfjord er det funne eit slikt sverd på Myklebust på Nordfjordeid og eit sverd på Visnes i Stryn. Sverda var svært ettertrakta og mest sannsynleg smidde i ein verkstad ved Rhinen.

Ved sidan av sverdet er det kanskje bronsefatet som vekker mest merksemd blant gåvene til den døde mannen på Gimmestad. Bronsefatet liknar på eit vaskefat og kan i utgangspunktet ha vore eit liturgisk fat frå ei irsk eller angelsaksisk kyrkje. I heile Nordfjord er det funne tre slike liknande fat. To er funne på Myklebust i Eid og eitt på garden Hilde i Innvik.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 203-204.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag.art, UiB 1967.

Steinkrossen på Rygg
Krossen på Rygg står på ein haug ikkje langt frå fjorden og like ved elva. I norsk samanheng er krossen spesiell. Han har elegante bogar, toppstykket er breiast øvst oppe og dei to sidearmane er like breie inst som ytst. I midten av krossen er der eit rundt hol.

På krossen finst også nokre merker som tolkast som eit stilisert tre. Liknande merke finst på Astrup-krossen i Danmark. Krossen på Rygg har også trekk frå ein kross frå førkristen tid på Veøy i Romsdalen.

Biskop Fridtjov Birkeli meiner at krossen liknar på ein kross i Cornwall. Ein bygdetradisjon knyter også krossen til Wales. Rygg-krossen har dessutan eit hol i midten, noko som var vanleg for keltiske krossar. Forma på krossen er derimot meir anglikansk. Det er usikkert om det er norske eller utanlandske hender som har forma krossen. Truleg har den som laga krossen hatt ein bestemt kross som førebilete.

Ein meiner at steinen som krossen er laga av kjem frå det gamle steinbrotet i Åfjorden i Hyllestad. Frå denne staden er det henta stein til dei fleste steinkrossane på Vestlandet.

Kjelder:
Olaf Sig. Gundersen, "Steinkrossar i Nordfjord frå tidleg mellomalder", Jul i Nordfjord, 1995.
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 195-196.
Fridtjov Birkeli, Norske steinkors i tidlig middelalder. Et bidrag til belysningen av overgangen fra norrøn religion til kristendom, Universitetsforlaget, Oslo 1973.

Steinkrossen på Vereide
Krossen som står på kyrkjegarden på Vereide er svært vakker og forseggjort. Krossarmane er omtrent like lange og krossen har ei såkalla georgsform.

Fram til om lag 1850 låg det ein gravstein over Torbjørn Andresson ved krossen. Andresson var prest i Vereide rundt 1380. Krossen på Vereide er truleg mykje eldre enn dette. Utgravingar på Kaupangen i Larvik viser at det vart produsert smykkekrossar i Noreg før år 800. På Kaupangen i Hamar er det også funne ein kross med georgsform som liknar på Vereide-krossen. Kanskje var ein liknande kross modell for krossen på Vereide?

Detaljar på Vereide-krossen knyter han saman med dei eldste steinkrossane i Noreg. Nedst på krossen er det hogge inn eit V-teikn. Det er ikkje semje om kva dette V-teiknet står for, men det kan vere eit symbol på grøderikdom og liv.

Kjelder:
Olaf Sig. Gundersen, "Steinkrossar i Nordfjord frå tidleg middelalder", Jul i Nordfjord 1995.
Fridtjov Birkeli, Norske steinkors i tidlig middelalder. Et bidrag til belysningen av overgangen fra norrøn religion til kristendom, Universitetsforlaget, Oslo 1973.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje