Gravhaugane på Myklebust
I perioden 600-1000 ser det ut som det politiske senteret i Nordfjord var plassert på Nordfjordeid. På garden Myklebust sat ei mektig slekt og kontrollerte handel og samferdsle over store område. Den siste av dei som vart gravlagde etter heidensk skikk på denne garden var truleg ein småkonge. Samanlikna med andre funn i Nordfjord frå denne perioden har Myklebust vore den største og rikaste garden. På garden har det lege ein stor gravplass med fem store haugar som vi kjenner til. Det kan ha vore fleire.

Rundehogjen Den største av haugane vert kalla Rundehogjen. Den ligg på strandflata ned mot Eidsgata og fjorden og er godt synleg frå riksvegen. Haugen vart granska av arkeolog Anders Lorange i 1874, men er truleg ikkje fullstendig utgraven. Haugen er 30 m i tverrmål og omlag 4 meter høg. Opphavleg gjekk det ei fire meter brei og 1 meter djup grøft kring haugen. I sør og vest var denne grøfta knytt til marka med ein brei jordbenk. Dette er trekk som vi også finn i tilknyting til haugane på Borre. I Rundehogjen fann Lorange restane etter ei brend båtgrav frå slutten av 800-talet. Han fann båtnaglar av jarn, skjoldbuklar og ein knute av bøygde, brende våpen. Desse var diverre øydelagde. Under våpna fann han ein stor bolle av bronse med skjoldbuklar i. Bollen stammar truleg frå ei irsk kyrkje. Bollen var pryda med ein stålring av bronse med emaljerte dekorasjonar i fleire fargar. På utsida av bollen fanst tre mannsfigurar som hankefeste. Figurane var dekorerte med eit emaljert firkantmønster. Bollen var brukt som gravurne og var fylt med brende knoklar av eit menneske, restar av spelebrikker, terningar av bein og restar av to eller tre kammar. Spelebrikker er elles berre funne i særs rike graver i Noreg. Blant beina fann Lorange også restar av påfugl. Påfuglen er ein framand skapning i dagens Nordfjord og må truleg også ha vore det i yngre jernalder. Korleis fann ein påfugl vegen til Nordfjord på denne tida? Blant gravgåvene i Gokstadskipet vart det også funne restar av ein påfugl. 
Til saman vart det avdekt 58 skjoldbuklar i Rundehogjen. Dette skulle tilseie at skipet hadde 29 skjold på kvar side. Saman med lengda av kolflaket i haugen vitnar dette om eit vikingskip på omlag 25 meter. Skipet kan ha vore omlag like stort som Gokstadskipet. Vi veit ikkje sikkert kven mannen som vart gravlagd i Rundehogjen eigentleg var. Kanskje var han ein av småkongane langs kysten som kjempa mot Harald Hårfagre sine forsøk på å samle Noreg til eit rike? Kan talet på skjold i grava vere ein peikepinn på kor mange hirdmenn den døde hadde rundt seg? 50 meter nord for Rundehogjen låg ein haug som vart fjerna i omlag 1875. Frå denne haugen er det tatt vare på restar av to sverd, to økser og eit spyd. Dette tyder på at det må ha vore minst to graver i haugen. 
Skjoratippen Omlag 50 meter aust for Rundehogjen ligg Skjoratippen. Denne haugen er godt synleg i dag. Opphavleg var haugen 32 meter i tverrmål og 3,8 meter høg. Han vart granska av arkeologen Haakon Shetelig i 1902-1903. I denne haugen avdekte Shetelig i alt to kvinnegraver og fire mannsgraver. Det er omlag 150-200 år mellom den eldste og den yngste grava. Dette tyder på at det berre var ein person i kva generasjon som vart gravlagd i haug. Dei aller fleste fekk berre ei enkel jordfesting. Følgjande seks graver vart avdekt i Skjoratippen: Den første grava var ei ubrend mannsgrav i trekiste frå merovingartid. Kista hadde mønetak. Mannen var truleg ein gut i 13-14-års alderen. Av gåver hadde guten fått med seg eit jernbeslag til ei kiste og ei rekkje reiskap som eit blad til ein ljå, sigdar, jernskoning til ein ard, tre knivar, to jern til ein høvel, ein bor, ein hammar, eit beksel og ein nøkkel. Av våpen hadde mannen to sverd og eit spyd. 
På same staden som den første grava låg også restane av ei ubrend kvinnegrav frå merovingartid. Her låg vevskei, linhekle, skrin, glasperle og ei oval spenne. Sidan dei to gravene låg så tett på kvarandre, var dei truleg i nær slekt. Den tredje grava var ei brend mannsgrav frå merovingartid. I denne grava er det funne to sverd, spyd, 13 piler, skjold, økser, hammarar, knivar, eit bor, eit skavjarn, ein plog, ein ljå, sigdar, eit beksel, eit skrin med lås og eit bryne. Funn av stolpehol tyder på at denne grava i byrjinga ikkje var dekt av ein haug, men av eit dødehus. Slike dødehus var ein del av den heidenske forfedredyrkinga. 
Den fjerde grava var restane av ei øydelagd ubrend mannsgrav i skip frå vikingtid. Denne grava vart truleg øydelagd då den femte grava vart lagt ned. Den femte grava var ei brend kvinnegrav frå vikingtid. I denne grava vart det funne ei hesteforma spenne, to andre ovale spenner, saks, linkle, bronsebolle, jarngryte og steikepanne. 
Den sjette og siste grava i Skjoratippen var ei ubrend mannsgrav i båt frå vikingtid. I denne grava vart det funne eit sverd, eit spyd, ei øks, 21 piler, åtte skjoldbuklar, ei tverrøks, klinknaglar, ei skålvekt, ei rasp, ei sag, ei sigd, ein kniv, ei glasperle, ei jerngryte, spelebrikker og hundeknoklar. 
Om lag 50 meter aust for Skjoratippen låg opphavleg ein gravhaug som var 27 meter lang. Denne vart fjerna utan at Shetelig fekk undersøke han. I eit prøvestikk vart det funne kol og klinknaglar. Kvinna, høna og hunden Den femte haugen på garden Myklebust vart delvis fjerna i 1847. I 1902 undersøkte Shetelig restane av haugen og fann ei mannsgrav frå yngre jernalder og ei brend kvinnegrav i båt frå vikingtida. Mannen hadde fått med seg eit våpensett med både sverd, spyd, øks og skjold. 
I den vesle robåten var det lagt ned ei kvinne som hadde selskap av ein liten hund og ei høne. Med seg i grava hadde kvinna ei gryte av jern, ei steikepanne, eit steikespyd, ei sigd, ei saks og ein kniv. Ho hadde også ei vevskei og ei nål av bein, linklede og vevtyngder. Kvinna var pynta med eit rikt smykkesett. Ho hadde stor oval draktspenne av bronse, ei spenne av sølv og eit praktfullt kjede av fleirfarga perler av sølv, glas og bergkrystall. Ti av perlene var av halvedelsteinen karneol. 
Dei rike og vakre gravgåvene tyder på at kvinna var høgt respektert og at ho hadde ein sterk posisjon. Undersøkingar tyder på at kvinnene kunne oppnå høge posisjonar i vikingtida i eigenskap av dei oppgåvene dei utførte og dei verva dei hadde. Høg status vart ikkje berre arva. Kva fortel gravene? Til saman gir gravhaugane på Myklebust eit slags tverrsnitt av yngre jernalder. Funna gir arkeologane høve til å studere dei skiftande smykkemotane og våpenbruken i perioden og sjå korleis reiskapen endrar seg tilsvarande lite. Diverre har gravskikken i yngre jernalder gjort at mykje av innhaldet i haugane er øydelagt. Skikken med å brenne den døde og alt innhaldet gjer at svært mykje ikkje kan stillast ut. Gjennom funna på Myklebust er det mogleg å følgje slekta gjennom mange generasjonar fram til midten av 900-talet. Det er ikkje avdekt yngre graver på staden. I mellomalderen høyrer vi ikkje noko om Myklebust-slekta. I staden er det Stårheims-ætta som trår inn i historiebøkene og markerer seg. I denne perioden synest det som Stårheim blir eit senter for økonomisk og politisk makt i Nordfjord. Kjelder:
Bente Magnus, Vågsøy, Eid og Hornindal i førhistorisk tid, brosjyre utgjeve av historisk museum, UiB med stønad frå Eid kommune, 1982.
Bente Magnus, Småkonger og politiske sentra i Fjordane i tidleg vikingtid, N.U.B nr. 3, 1992.
Kari Charlotte Larsen, Sagastad, Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Bjørn Myhre, Hus over grav, Arkeo 1976.
Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.>
Haakon Shetelig, Gravene ved Myklebostad paa Nordfjordeid, Bergens Museums Aarbog 1905.
Mannen i Rundehogjen
Mannen som vart gravlagd i eit stort vikingskip i Rundehogjen på Eid, var mest sannsynleg ein småkonge. Truleg var garden Myklebust sete for ei mektig slekt som kontrollerte området i ei lang periode i yngre jernalder.

Arkeologen Bente Magnus hevdar at svaret på kva småkongeslekt som hadde setet sitt på Eid finst i soga om Harald Hårfagre. I denne soga kan ein lese Snorre si framstilling av korleis Harald nedkjempa småkongane langs kysten av Nordfjord. Etter far sin, Halvdan Svarte, hadde Harald arva Sogn. Makta over Fjordane og Sunnmøre måtte han derimot sjølv ordne gjennom hærmakt. Snorre skriv dette: Våren etter rustet kong Harald stor hær fra Trondheimen og sa at med den ville han seile til Sunnmøre. Solve Klove reiste sør i Fjordane til kong Audbjørn som rådde der og ba om hjelp. Audbjørn lovte å komme, han dro sammen en hær og seilte til kong Arnvid på Sunnmøre, og nå hadde de en svær hær. De fikk vite at kong Harald var kommet nordfra. De møttes innenfor Solkjel. Kong Arnvid falt og kong Audbjørn av Fjordane.
Etter at kong Audbjørn døde i slaget ved Solkjel (omlag år 870) vart kongens bror, Vemund, ny konge i Fjordane. Harald Hårfagre var enno ute etter makta i området, men sidan det no var seint på hausten bestemte han seg for ikkje å utfordre vêrtilhøva med ein båttur sør for Stad. I staden reiste Ragnvald Mørejarl, som var ein av Harald sine støttespelarar, den indre vegen over til Eid. Han hadde speidarar ute etter kong Vemund. Om natta kom flokken til ein stad som heiter Naustdal, der kong Vemund var i veitsle med mennene sine. Denne natta kringsette Ragnvald Mørejarl huset og brende kongen inne med 90 mann. I tillegg rana han Vemund for gods og gull og stal skipa hans. Våren etter sigla Harald Hårfagre sørover langs kysten og la under seg Fjordane. 
Med støtte i Snorre si framstilling av desse hendingane, hevdar Bente Magnus at skipsgrava på Myklebust i Eid er reist over anten kong Audbjørn eller bror hans, kong Vemund av Fjordane. Dersom historia om slaget ved Solkjel er sann, er det mest sannsynleg kong Audbjørn som fall i dette sjøslaget, som er gravlagd med skipet sitt i Rundehogjen. Ein av forskarane som undersøkte dei kremerte restane av den døde, hevdar at dei stammar frå ein kraftig mann i alderen 30-35 år. Han hevdar også at eitt av beinfragmenta hadde eit mogleg spor etter eit hogg. Kjelder:
Bente Magnus, "Småkonger og politiske sentra i Fjordane i tidlig vikingtid", i N.U.B, nr. 3, 1992.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Haakon Shetelig, Gravene ved Myklebostad paa Nordfjordeid, Bergens Museums Aarbog 1905.
Kari Charlotte Larsen, Sagastad, Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Bautasteinane på Naustdal
Bautasteinane på Naustdal er gåtefulle og mektige. Sjølv om segner knyter bautasteinane til vikingtida (800-1050), er det uvisst kor gamle dei er. Det er ikkje umogleg at dei er mange hundre år eldre enn vikingtida.

Den første bautasteinen skoder utover frå terrassekanten nede ved fjorden. Han er 3,65 meter høg, 1,15 m brei og om lag 10 cm tjukk. Den andre steinen står i bakken ovafor tunet på garden. Han er heile 5,75 m høg, 65 cm brei og 30 cm tjukk. Lokalfolket på Naustdal knyter begge bautasteinane til forteljinga om kong Vemund av Fjordane og det 90 mann store følgjet hans som vart brent inne av Ragnvald Mørejarl på Naustdal i om lag år 870. Ragnvald Mørejarl var ein av Harald Hårfagre sine støttespelarar i kampen om å samle Noreg til eitt rike. I denne kampen måtte småkongane langs kysten fjernast. Under vegbygginga langs fjorden på Naustdal vart det funne ein tredje bautastein. Denne steinen ligg ved foten til bautasteinen ved fjorden. Kjelder:
Edvard Os, Eid og Hornindal, Oslo 1953.
Bente Magnus, "Småkonger og politiske sentra i Fjordane i tidlig vikingtid", i N.U.B, nr. 3, 1992.
Bonden frå Skauset
På Skaugset vart ein velståande bonde gravlagt ein gong i yngre jernalder. Den døde mannen var brend og gravlagd under flat mark. Rundt mannen var det lagt ein krans av stein på om lag 3 meter i diameter.
Mannen hadde fått med seg ei rekkje våpen og reiskap i grava. Han hadde eit sverd og eit spyd, piler, ein hammar, ei tong, ein holmeisel, knivar, ei saks, ein celt (øks), ein ljå, eit bryne, eit beksel og eit eldstål. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, avhandling for mag.art, UiB 1967.
Vikingfunn i Hennebygda
I den solrike og grøderike Hennebygda på nordsida av Gloppefjorden har det budd menneske i mange tusen år. På Indre Skjeret i Hennebygda er det funne eit gravfelt frå eldre og yngre jernalder. Til saman er det avdekt 12 røyser.
Den eldste grava som er avdekt på Indre Skjeret er ei kvinnegrav frå omlag 400 e.Kr. Dei andre røysene er bygd i perioden frå 700 til om lag år 1000. Forutan kvinna frå eldre jernalder er det førebels berre funne ei kvinnegrav frå vikingtida i Hennebygda. Denne kvinna fekk ei ubrend gravlegging, og ho hadde med seg ravperler, glasperler, eit eldstål, ein kljåstein, eit bryne og ei irsk bronsenål. 
I den same haugen som vikingkvinna var gravlagd i låg ein ubrend mannsperson. Han hadde fått med seg eit sverd, ei øks, eit skjold, ein hammar, ein kniv, ei hasp, ein eldflint, eit bryne og truleg ein navar. I ein annan haug på Indre Skjeret vart det funne ei ubrend mannsgrav i båt frå vikingtida. I denne grava vart det funne både spyd, øks, beksel, never og båtsaum. Verd å nemne er også mannen som hadde eit sverd, ei øks, kule av bly, jarnnaglar, elleve glasperler og never i gravgåver. 
Dei andre gravene i Hennebygda er spesielle fordi dei fleste gravene er mannsgraver med berre eitt sverd eller ei øks som gravgåver. Dette er truleg eit utslag av ein lokal gravskikk. Medan gravene andre stader berre blir flottare og flottare, er gravene i Hennebygda heller beskjedne. Henjarane held på den enkle gravskikken sin gjennom heile vikingtida. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 194.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Gloppen prestegjeld, UiB 1960.
Vikingane i Eid
Forutan dei store funna på Myklebust i Eid og i Hennebygda er det mange spor frå yngre jernalder i denne kommunen. Både langs fjorden og innover dalen er det funne fleire graver og gravgåver som daterast til merovingartid og vikingtid.
Under løa på Yris hotell i sentrum av Nordfjordeid er det til dømes funne ei mannsgrav frå vikingtida med mellom anna eit sverd, ei tverrøks, ei saks, ein kniv og eit bryne. I ein haug på Roti er det også funne ei mannsgrav frå denne perioden. Gravgåvene var eit sverd, ei øks og eit spyd. I Leivdalen, inst i Eidsdalen er det funne to graver frå denne perioden. I den eine vart det funne eit beksel av bronse. I dei solrike bygdene langs nordsida av Eidsfjorden er det også funne ei rekkje graver frå yngre jernalder. Fleire av desse gardane ligg så gunstig til at dei truleg har hatt busetnad både i eldre jernalder og i bronsealder. I ei mannsgrav på Haugland er det funne ei øks og to spyd. På Humborstad var det tidlegare fleire røyser med kister av steinheller. I ei av kistene vart det funne menneskeknoklar og i ei anna kol, oske og eit spyd frå vikingtida. I ei anna røys vart det funne perler av rav. Også på Reksnes, Lund, Remme, Stårheim og i Kjølsdalen er det funne graver frå yngre jernalder. Kjelder:
Edvard Os, Eid og Hornindal, Oslo 1953.
Sigmund Bødal, Notat til fornminnevandring i Kjøllesdal, mai 2000. Utlånt av KKUL v/Rønnaug Leite. For meir informasjon sjå http://www.kkul.no
Steinkrossen på Midthjell
Fram til 1831 stod ein steinkross på Krossastranda mellom Midthjell og Lefdal i Eid. Krossen stod i fjordkanten og vart dekt av vatn når det var flo.
Segna fortel at krossen opphavleg var plassert på ein bønestad lenger oppe på land, men at ein fut tok krossen og flytta han over fjorden til ytre Davik. Etter flyttinga vart bygda utsett for spøkeri og merkelege hendingar. Bygdefolket sette desse hendingane i samband med flyttinga av krossen og futen tok difor steinen og flytta han over fjorden igjen. Tilbake på Krossastranda vart steinen ikkje sett på plass att. Han vart velta på sjøen. Det er vanskeleg å ta noko klart standpunkt til om denne segna er sann. I 1831 vart steinkrossen på Midthjell flytta til Bergen Museum. I 1995 vart det sett opp ein kopi av krossen på ein rasteplass på Krossastranda mellom Midthjell og Lefdal. Kjelder:
Olaf Sig. Gundersen, "Steinkrossar i Nordfjord frå tidleg mellomalder", Jul i Nordfjord 1995
Jacob Aaland,
Meir informasjon på http://www.kkul.no
|