Fjæremannstuftene på Liset
Langs kysten av Nordfjord har det alltid eksistert eit mangfald av naturlege ressursar som også gardane inne i fjordane har hatt høve til å utnytte. Folk frå bygdene inne i fjorden har i lang tid delteke i kystfisket og har i samband med dette hatt periodevis tilhald i dei ytste delane av Nordfjord.
På fleire av øyane utanfor Fjordane, og kanskje særskilt utanfor Sunnfjord, er det funne samlingar av hustufter som truleg har samanheng med eit slikt fjæremannsystem. Også elles langs den norske kysten er det funne slike samlingar av tufter. På Liset i Bremanger finst det eit felt med til saman femten hustufter som truleg er spor etter fiskebuer frå yngre jernalder. I tilknyting til desse tuftene er det også avdekt tre innhegningar, sju båtopptrekk og to moloar. I taktorva på husa vart det også avdekt ei steinøks, ymse flint og skifer frå steinalderen. Enno veit vi lite om omfanget av sesongfisket i yngre jernalder. Men det er sannsynleg at fisk har spelt ei vesentleg rolle i det daglege kosthaldet også på dei større gardane inne i fjorden i denne perioden. Kjelder:
Bente Magnus, Småkonger og politiske sentra i Fjordane i tidleg vikingtid, i N.U.B nr. 3, 1992
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Bremanger prestegjeld, UiB, 1958.
S. Alsaker, Fra sild til olje. Et fiskevær fra jernalderen, i Arkeo, nr.1,1989
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie bind 1.
Gravfeltet på Grotle
Tidlegare låg det eit stort gravfelt frå eldre og yngre jernalder på Grotle i Bremanger. Feltet vart grave ut i 1875 og seinare fjerna. I dag er det diverre svært lite att. Mange av oldsakene som vart funne i gravfeltet er også gått tapt.
Gravgåvene som er funne tyder på at det hovudsakleg var menn som var gravlagde der. Spor etter kol og oske fortel oss at dei fleste var brente. Blant gravgåvene som er funne på feltet kan vi nemne to sverd frå yngre jernalder, fleire klinknaglar, ei øks og eit bryne. Det vart også funne nokre mosaikkperler. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Bremanger prestegjeld, UiB, 1958.
Gravfunn på Igland
På Igland i Bremanger er det funne to mannsgraver frå yngre jernalder. Haugane er ikkje synlege i dag. På den eine grava er det bygd eit hus. Den andre grava låg på staden der det no er ein gravplass. I den eine grava vart det funne eit sverd, eit spyd og ei øks. I den andre låg eit sverd, ei øks og to bryne.
Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Bremanger prestegjeld, UiB, 1958.
Gravfunn i Ålfoten og Davik
På garden Myklebust i Ålfoten var det tidlegare seks gravhaugar frå eldre og yngre jernalder. I dag er det berre Kongshaugen på terrassen ovanfor garden som syner. Kongshaugen er 9 meter i diameter og om lag ein halv meter høg. Han har eit lite søkk i toppen. I denne haugen er det funne ei leirkrukke frå eldre jernalder.
I røysa som låg i Humlagardsbakkane på Myklebust er det funne ei kvinnegrav frå vikingtida. Som gravgåver hadde kvinna fått med seg ei bronsespenne, vevskei, kljåsteinar og fyrflint. 
I den same røysa er det også funne eit spannforma leirkar frå folkevandringstid. På Dombestein, mellom Isane og Davik er det funne eit kar av kleberstein frå vikingtid. 
Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Bremanger prestegjeld, UiB, 1958.
|