 |
Buplass på Osmundsvåg På Osmundsvåg i Vågsøy er det funne ein buplass frå steinalderen. I løpet av åra fjerna grunneigarane jord frå staden. Både i denne jorda og i molda på sjølve buplassen er det funne fleire reiskap og våpen. Det er mellom anna funne skiferoddar og piler av skifer, flint og kvartsitt. Det er også funne plateknivar, slipeplater, skiferbryne og spor av kleberstein.
Av dei større reiskapane kan vi nemne ei spissnakka trinnøks, ei vespestadøks, ei tverrøks av grønstein, ei tjukknakka tverrøks av grønstein, ei tverrøks av årekvarts og ein flintdolk. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960
| 
 |