Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Steinalderreiskap frå Stryn
Dei eldste spora etter menneske i Stryn er eit par økser frå slutten av eldre steinalder, omlag 4000 år før Kr. Den eldste øksa er ei lang og smal trinnøks frå Loen. Den andre øksa vart funne på Muri i Olden og er noko yngre.

Frå yngre steinalder er det funne økser av grønstein både på Flo og Kyrkjeeide, samt på Muri og Eide i Olden. Desse øksene er kalla vestlandsøkser.

Frå yngre steinalder er det også funne ei rekkje hammarsteinar og slipesteinar. Dette viser at i den siste delen av steinalderen hadde Stryn fast busetnad av folk som framstilte eigne verktøy.

Det siste funnet vi skal nemne er ein del av ein flintdolk frå Fosnes i Oppstryn. Flinten er mørk, blank, av flott kvalitet og kjem truleg frå ein verkstad på Jylland. Funnet viser at menneska i steinalderen i Stryn hadde kontakt med andre menneske sørover og at det føregjekk byttehandel over lengre avstandar.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje