Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Ein skiferdolk frå Skjåstad
Steinalderfunn på Barmen
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Ein skiferdolk frå Skjåstad
På Skjåstad på Stadlandet er det funne ein svært fin og forseggjort skiferdolk. Skiferen er av ein pen, raud og grøn type frå Nord-Noreg. Forma på dolken er også nordnorsk, og skaftet endar i eit dyrehovud. Det er sjeldan at ein finn nordnorsk skifer så langt sør. Slike reiskap er sjeldne sør for Romsdal.

Kjelde:
Edvard Os, Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.

Steinalderfunn på Barmen
På sørspissen og på austsida av Barmen samt på eit område ved Myklebustvatnet oppe på fjellet er det funne mange spor etter menneska i steinalderen. Ved Myklebustvatnet er det funne flint som tyder på at det var ein buplass der i steinalderen.

På den største buplassen lengst sør på øya er det mellom anna funne fire grove spydspissar og atten smale pilspissar av skifer. Det er også funne vestlandsøksar, slipeplater, fem meislar og ei øks av grønstein, samt eit skifersmykke til å henge rundt halsen.

Både på Selja, Honningsvåg, Hove, Hamre, Berstad og Sandvik er det funne spreidde flint- og skiferspor etter jegerane i steinalderen.

Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje