Steinalderfunn i Hornindal
Det er førebels ikkje funne mange spor etter steinalderen i Hornindal. Det er funne ei tjukknakka, tverregga flintøks i bygda, men ein er ikkje sikre på funnstaden. I Jutdalen er det funne ei skaftrenneøks.
 Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Kalsedonhola
I fjellet ovanfor Ytrehorn i Hornindal finst det ein førekomst av mineralet kalsedon. Kalsedon er ein fin krystallin variant av kvarts. Mineralet er i nær slekt med flint og vart brukt på same måte som flint i steinalderen.
Kalsedonhola i Hornindal ber namnet Gytleskotet (utt: Gysjleskotet). Både på Vereide i Gloppen og i Skatestraumen i Bremanger er det funne spor etter kalsedon som kanskje stammar frå kalsedonhola i Hornindal. Dette tyder på at menneska allereie i steinalderen reiste frå ytst til inst i Nordfjord og utnytta dei ressursane som fanst. I Noreg er kalsedon sjeldan. Førekomsten i Hornindal har stor mineralogisk og arkeologisk verdi. Inngrep i naturen rundt hola er forbode. Det er ulovleg å bruke hammar, kile, bor osv. Det er heller ikkje tillate å risse i førekomsten. Kjelder:
Halvdan Lødemel, "Hornindal kommune 1937-1987".
|