Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Steinalderreiskap i Gloppen
Den eldste reiskapen frå steinalderen som er funne i Gloppen er ei tverrøks av grønstein frå Straume i Hyen. Grønstein er eit finkorna og godt materiale å slipe. I bygdene i Nordfjord er det funne mange reiskap av grønstein. Grønsteinen frå øksa på Straume er truleg frå Bømlo og var i bruk for over 5000 år sidan.

På Rygg i Gloppen er det funne ei stor korsforma kølle med eit skafthol på midten. Kølla er av kolorittkleber og var i bruk i yngre steinalder. Det er ei spesiell kølle som ikkje har vore brukt som våpen eller reiskap. Ho er heile 34 cm lang. Kanskje har kølla vore eit slags teikn på status eller verdi? Truleg stammar funnet frå ei grav.

Det er funne fleire reiskap av flint i Nordfjord frå den siste delen av steinalderen. Menneska brukte flint til å lage både dolkar, spydspissar og pilspissar. På Bergheim i Gloppen er det funne ein vakker flintdolk som truleg stammar frå ei grav. Slike dolkar hang i ei slire av lær og hadde lær surra rundt enden av skaftet.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, Sandane 1978.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje