Steinalderfunn i Eid
På Reksnes på nordsida av Eidsfjorden er det gjort eit spennande funn frå steinalderen. Eit par hundre meter frå fjorden vart det funne ein bunke med 12 flintskiver innepakka i never som i ein kjekspakke. Nokre meter ved sidan av låg ein liknande bunke med seks flintskiver.
Samlingar av slike flintskiver blir vanlegvis tolka som offergåver. Kanskje var flintskivene på Reksnes offergåver etter ei vellukka jakt eller eit godt år? Vi veit ikkje, men undersøkingar av flintskivene har vist at dei vart brukte til å skjære kjøt med. På garden Reksnes er det også funne fleire økser, ei flintskiveskrape og ein meisel av diabas.  I ein nausttuft i Ervik i Eid er det funne ei vakker korsforma kølle av stein. Kølla er svært spesiell, og kan ha vore ein statusgjenstand.  Også på gardane innover Eidsdalen er det funne spor etter menneskeleg aktivitet i steinalderen. på Stokkenes er det funne ei flintøks. I 1874 vart det funne ein slipt kile av skiferstein og ein halv slipestein på Alsaker. Noko seinare vart det funne nokre flintskiver på same garden. På Hjelle og på Nor er det funne ein pilodd og nokre reiskap av flint. På Navelsaker ved Hornindalsvatnet er det funne ei pen flintsigd. 
Sjølv om desse spora ikkje er mange, er det likevel nok til å slå fast at det budde menneske i Eid også i steinalderen. Truleg var menneska både bønder og jegerar. Dei heldt seg hovudsakleg i varme og solrike skråningar, langs strandkanten og elvane. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Edvard Os, Eid og Hornindal, Oslo 1953.
Trine Johnson, Gaven til gudene,
Sigmund Bødal, Notat til fornminnevandring i Kjølsdalen, mai 2000. Utlånt av KKUL v/Rønnaug Leite . For meir informasjon sjå http://www.kkul.no
Steinalderbusetnad i Hennebygda
I Hennebygda i Eid har arkeologar undersøkt ein busetnad frå slutten av eldre steinalder, dvs. frå om lag 4000 år før Kr. Frå denne stasjonen og likande stasjonar i det indre fjordområdet har fangstfolk drive jakt etter nødvendige råstoff langs Gloppefjorden.
Kjelder:
Søren Dinhoff, Vereideprosjektets boplass, Arkeologiske undersøkelser på Vereide 1990-1996, s. 131.
|