Buplassane ved Skatestraumen
I samband med bygginga av fastlandssambandet til Bremanger vart det i 1991 sett i gang eit registreringsarbeid av buplassar ved Skatestraumen. Prosjektet fekk namnet Skatestraumprosjektet. I perioden 1991-1995 registrerte arkeologar frå Universitetet i Bergen heile 151 buplassar frå steinalder, bronsealder og eldre jernalder i dette området. 16 av buplassane ville bli øydelagde av den nye vegen som skulle byggast. Av desse 16 buplassane vart 11 heilt eller delvis gravne ut.
Den faglege målsettinga for steinalderdelen av prosjektet var å studere endringar i leveveg- og busetnadsmønstra i området. Forskarane hadde gode samanlikningsgrunnlag etter liknande registreringar ved Saltstraumen i Nordland, Fosnastraumen i Nordhordland og Vatlestraumen i Midthordland. Etterkvart har arkeologane fått eit godt inntrykk av kva tilhøve som låg til grunn for busetnaden i steinalderen. Fleire av desse tilhøva var svært gode i området rundt Skatestraumen. Når det gjeld tilgang på mat, ligg tilhøva godt til rette for både husdyrhald og jakt. Hjortejakt har til dømes lang tradisjon i dette området. Det som gjorde Skatestraumen særskilt interessant og godt eigna for steinalderbusetnad, var dei rike fiskeressursane på staden. Også busetnadene ved Saltstraumen, Fosnastraumen og Vatlestraumen kan ein relatere til rike og stabile fiskeressursar. Kommunikasjonsmessig ligg Skatestraumen svært strategisk til for både aust/vest og nord/sør-gåande båttrafikk i Nordfjord. Perioden mellom slutten av istida og fram til omlag år 7500 f.Kr. er dårleg representert med buplassar ved Skatestraumen. Arkeologane trur likevel at staden var i bruk i dette tidsrommet òg. Resten av steinalderen er godt representert både ved registrerte og utgravne buplassar. Funnmaterialet er breitt samansett og viser eit vidt spekter av aktivitetar relatert til jakt og fiske, tilvirke av fangstprodukt, vedlikehald, trearbeid, leik og ritual. Det er også avdekt fleire stolpehol som kan vere restar etter eit hus. Undersøkingane har gjort det mogleg å dele lokalitetane inn i ulike typar. Til dømes viser studia at lokaliteten på Havnen over lengre tid var tilhaldstad for familiegrupper eller hushald.
Lokaliteten på Gloføykje var derimot mest sannsynleg ein mellombels base eller feltleir for små, spesialiserte jaktgrupper. Andre typar lokalitetar er knytt til få og korte besøk av grupper, kanskje i samband med slakting eller partering av fangstprodukt. Ved desse lokalitetane er det til dømes funne nokre få reiskap og avslag brukt til skjering og skraping. Ved ein fjerde type lokalitet er det funne konsentrasjonar av stein relatert til eldstader og ei rekkje reiskap. Desse lokalitetane kan ha blitt brukte til ei rekkje føremål som til dømes venteplass, utkikspunkt eller ein stad der folk kunne trekkje seg tilbake for ulike gjeremål. Generelt viser lokalitetane at menneska var orienterte mot sjøen, både for kommunikasjon og leveveg.
Konsentrasjonen av buplassar ved Skatestraumen er påfallande og indikerer at staden har vore eit sentralt buområde i løpet av heile fangststeinalderen. Men, sidan ingen andre stader i Nordfjord er registrert på same måte, kan vi ikkje vite om tettleiken av buplassar var den same ytst ved kysten og inne i fjordarmane. Undersøkingane i Hordaland viser iallfall sterke parallellar med Skatestraumen både når det gjeld busetnadsmønster og funn. Arkeologane meiner at dette neppe kan forklarast på andre måtar enn at steinaldermenneska langs kysten hadde ein viss kontakt med kvarandre. Kjelder:
Knut Andreas Bergsvik, Steinalderundersøkelser ved Skatestraumen, i Arkeologiske Skrifter, nr. 10, Bergen 1999.
Menneska ved Skatestraumen
Skatestraumen var mest sannsynleg eit sentralt buområde gjennom meir enn fem tusen år. I løpet av desse åra utvikla folket truleg ei sterk kjensle av å høyre til på staden. Dei etablerte kanskje ei mengde historiske, mytologiske og religiøse band til området, buplassane og naturformasjonane. Det er ikkje umogleg at enkelte familiar hadde hevd på dei beste fiske-, jakt- og buplassane i området og at dei ulike gruppene eller familiane fordelte seg langs Skatestraumen med visse mellomrom. Ikkje så langt frå Skatestraumen finn ein Vingen, som er eit av dei største helleristningfelta i Skandinavia. Under utgravingane ved Skatestraumen fann arkeologane ein fuglefigur av kleber som kan knytast til dyresymbolikken på helleristningane. Undersøkingar i Vingen viser også at bruken av råstoff er påfallande lik det som er funne på buplassane i Skatestraumen. Det er difor naturleg å tru at Vingen var ein del av livet i dette området og at brukarane først og fremst var herfrå. Dersom dette er korrekt, kan det tenkjast at Vingen var ein felles rituell stad for grupper som elles konkurrerte om andre ressursar.
Gjenstandane som er funne ved Skatestraumen viser at fangstøkonomien fortsette å dominere, sjølv i den perioden då jordbruket vart fast etablert i Noreg. Det er funne både vestlandsøksar, rombiske skiferpiler med mothaker, fragment av spyd, skiferpiler og spyd med dekor, einegga plateknivar med slipt egg og fragment av slipte flintøkser på lokalitetane ved Skatestraumen. Enkelte av gjenstandane og materialet gjenstandane er laga av tyder på at menneska var del av eit større kontaktnett. Nokre av gjenstandane er sannsynlegvis resultat av utveksling/byttehandel. Slike kontaktar kan òg ha vore ei kjelde til nye idear og andre livsformer enn det fangstfolka vanlegvis var kjende med. Kjelder:
Knut Andreas Bergsvik, Steinalderundersøkelser ved Skatestraumen, i Arkeologiske Skrifter, nr. 10, Bergen 1999.
Vingenfeltet
På Vingen i Bremanger kommune finn vi eitt av dei største felta med veidekunst i Skandinavia. Langs ei nærare tre km lang strandstrekning er det registrert over 1500 figurar. Figurane er for det meste hjortedyr. Det finst også ein del sigdar, stavar, geometriske mønster og menneskefigurar. Mange av helleristningane på Vingen har store fellestrekk med helleristningsfeltet på Ausevik i Flora, og fell inn i den vestnorske tradisjonen med sterkt skjematiske, kroppsskraverte biletformer.
Det er grunn til å tru at det er dei same gruppene med jegerfolk som i løpet av eit visst tidsrom brukte biletfelta på Ausevik og på Vingen som møteplassar og kultstadar. Både Ausevikfeltet og Vingenfeltet er store. Dette kan tyde på at desse plassane hadde ein meir sentral sosial og kultisk funksjon enn andre, mindre felt i Noreg. Bergkunsten er ofte studert som vitnemål om kultiske handlingar, religiøse forestillingar og kunstnariske idear. Ein god del av bileta kan også vurderast som illustrasjonar av ein konkret røyndom. Arkeologen Anders Hagen skriv at vi ikkje må skape noko kunstig skilje mellom det åndelege og det materielle, mellom religionen og strevet etter mat. For naturmenneska i steinalderen var dette to sider av same sak. Helleristningane på Vingen fortel både om den naturen som eksisterte og kva materielle ting menneska hadde å berge seg med. Dyra som er avbilda fortel om dei økologiske tilhøva som rådde og om dei vala som jegerane hadde. Figurane som førestiller reiskap og båtar viser konkrete ting som menneska brukte i livskampen. Det dominerande motivet på Vingenfeltet er hjorten. Dei mange hjortebileta på Vingen indikerer at området var eit viktig veideområde og ein religiøs samlingsstad for fangstfolka. Bileta av hjorten omringa av merkelege geometriske symbol tyder på at hjorten var sentrum for den religiøse dyrkinga.
Mennesket er ikkje noko utbreidd motiv på Vingenfeltet. Berre mellom 10-20 av figurane kan førestille menneskeliknande vesen. Dei fleste av desse er enkle strekteikningar. Nokre kan førestille nakne menneske i ein religiøs dans. Andre bilete kan førestille figurar frå ei anna verd. Eit av dei mest gåtefulle bileta frå Vingen viser eit menneske med skravert skjelett på ryggen av ein praktfull hjort. Arkeologen Anders Hagen kallar dette "et slags stilisert Peer Gynt-motiv fra en fjern veidetid." Kjelder:
Bente Magnus, Vågsøy, Eid og Hornindal i førhistorisk tid, utgjeve av Historisk museum, Universitetet i Bergen, 1982.
Anders Hagen, Bergkunst. Jegerfolkets helleristninger og malninger i norsk steinalder, Oslo, 1976.
Klebersteinsfuglen
Under utgravingane i Skatestraumen i 1995 fann arkeologane ein spesiell fuglefigur av kleberstein. I området rundt Skatestraumen finst det fleire førekomstar av kleberstein som vart nytta i førhistorisk tid. Klebersteinsfuglen vart funnen i eit kulturlag med mellom anna skiferspissar, ymse reiskap og økser som vart datert til omlag 5300 f.Kr. Dette var i overgangen mellom eldre og yngre steinalder, ein periode med stor aktivitet i Skatestraumen.
Målt frå nebbet til stjerten er fuglen berre 4,5 cm og han er temmeleg flat på sidene. Overflata er nærast polert, noko som tyder på at eigaren har oppbevart figuren i ei lomme eller i ein skinnpung. Mest sannsynleg skal figuren førestille ein symjefugl som til dømes gås, skarv, and eller ærfugl. Det er usikkert kva meining fuglen hadde for menneska i steinalderen. Til liks med helleristningane kan dyrefiguren vere ein leivning av jaktmagi. Eller fungerte han kanskje som eit symbolsk uttrykk for menneskelege eigenskapar som var viktige i steinaldersamfunnet? Kanskje var fuglen eit magisk lokkemiddel? Kanskje vart han brukt i religiøse ritual eller gitt som gravgåve? Fuglen kan også ha vore ei vanleg leike brukt av dei yngste i familien. Kjelder:
Knut Andreas Bergsvik, artikkel i Arkeo, Universitetet i Bergen.
Sjå også Bremangersambandet
Ei steinaldergrav?
På Vestlandet finn ein sjeldan spor etter graver frå steinalderen. Det er funne skjelett i tjukke buplasslag under hellerar, men elles er det vanskeleg å finne spor etter graver frå denne perioden. Dei kalkhaldige skjelettbeina har lett for å gå i oppløysing i sur jord. I danske myrer har menneskeskjelett frå denne perioden blitt bevart heilt opp til vår tid. Under utgravingane i Skatestraumen i Bremanger kom arkeologane derimot over eit funn som er tolka som ei grav frå steinalderen. På eit område på mellom ein og to kvm vart det funne meir enn førti små mørkeraude gjenstandar som viste seg å vere knappar av rav med hol på undersida. Det er funne slike knappar i graver både i Danmark og i landa kring Austersjøen. Knappane vart forsiktig reinsa fram. Dei fleste låg med forsida opp. Dei vart målt i høve til kvarandre, og det danna seg etter kvart eit mønster som minte om omrisset av overkroppen til eit menneske. Kanskje gravla menneska ved Skatestraumen dei døde på buplassen sin? Kroppen og kleda som knappane må ha vore festa til er rotna bort for lenge sidan. Kjelde:
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie, bind 1.
|