Skongeneshellaren
Skongeneshelleren ligg på den nordlegaste spissen av Vågsøy. Her vart det i 1886 funne ubrende skjelettdelar av minst seks menneske nede i dei urørte kulturlaga. Saman med beina låg eit spannforma leirkar datert til omlag 500 e.Kr. Dette tyder på at hola i alle fall var i bruk i perioden romartid/folkevandringstid.
Frå helleren er det flott utsikt mot Stadlandet og havet. Kjelder:
Alf Tore Hommedal, Bakgrunnen for helgenanlegget på Selja og staden si rolle i den tidlege kristninga av Vest-Noreg, i Magnus Rindal (red.), Selja - heilag stad i 1000 år, Oslo, 1997, s. 61.
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
A. W. Brøgger, Vestnorske hulefund fra ældre jærnalder. Bergen Museums Aarbog 1910. Bergen, s. 5 ff.
Trolleholet
På Husevågøy ligg ei fascinerande hole i fjellet med kulturlag frå jernalder. Det er hovudsakleg skjel og bein som er funne her og ingen oldsaker. På slutten av 1800-talet vart det spadd ut mykje fugleekskrement og restar av fisk frå Trolleholet. Dette vart mellom anna skipa til Gloppen og brukt som gjødsel.
Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
|