Gryter frå førromersk jernalder
Til liks med resten av Nordfjord er det svært sparsamt med funn frå førromersk jernalder i Stryn. Førromersk jernalder er dei siste fem hundre åra før Kr. fødsel.
På Kvamme i Olden er det derimot funne delar av ei gryte av kleberstein med karakteristisk form frå førromersk jernalder. Ei liknande steingryte, men noko yngre, er funne på Eide i Olden. Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Sandane 1973.
Gravfeltet på Eide
På gardane Ytreeide, Kyrkjeeide og Øvreeide mellom Strynebukta og Strynsvatnet er det funne fleire haugar og graver under flat mark frå eldre og yngre jernalder. I eldre tid var desse tre gardane truleg ein gard.
Både dei rike gravene og biletsteinen som er funne her tyder på at det budde rike og mektige folk på Eide i eldre tid. Garden låg sentralt i bygda, og i mellomalderen stod det også ei kyrkje her. Det er ikkje usannsynleg at det har vore eit hov på Eide eller Lunde i førkristen tid. På Kyrkjeeide var det tidlegare tre eller fire gravhaugar. Dei to siste røysene vart rydda i 1908 og i 1911. Desse var begge flotte og store monument. Den største røysa hadde ein diameter på 25 meter og var tre meter høg. Den minste hadde ein diameter på 15 meter og var to meter høg. Begge røysene var laga på ein spesiell måte. Dei bestod av store, svære steinar med store rom mellom og var dekka av eit tynt lag av sand og leire. Denne måten å lage røyser på var svært karakteristisk for romartida på Vestlandet. I den største røysa vart det funne tre graver frå eldre jernalder. Den eine av dei døde var gravlagd i ei kiste av steinheller. Det vart ikkje funne spor etter den døde, men det vart funne bitar av bein og hestetenner. I den andre grava vart det funne ei ubrend mannsgrav frå folkevandringstid. I grava vart det funne bjørneklør. Dette tyder på at mannen var lagt på ein bjørnefell før han vart brent. Dei brente beina låg i ein bronsekjel og mannen hadde fått med seg eit glasbeger, beinkammar og beinbrikker i grava. Alt var pakka inn i filt, never og bastband. I den tredje grava låg ein bronsekjele med brente bein og ei steikepanne. I den minste røysa vart det funne to graver frå eldre jernalder. Den første grava var eit lite rom av steinheller. Inne i rommet vart det funne ei branngrav med ein bronsekjel, kol, brente bein og never. Den andre grava var ei kiste av steinheller. Inne i denne vart det berre avdekt noko jord og litt kol. 
Dei andre gravene som er funne på gardane Ytreeide, Kyrkjeeide og Øvreeide er frå yngre jernalder. Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no, Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane,1973.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.
Gravfunna på Bø
På garden Bø i Nedstryn er det avdekt fleire gravfunn frå både eldre og yngre jernalder. Tidlegare låg her fleire haugar med graver og fleire graver under flat mark.
Det eldste gravfunnet frå garden er frå romartida, omlag år 300 etter Kr. Dei arkeologiske spora viser at den døde var brend, og knoklane frå likbålet var samla i ein stor romersk bronsekjele som var pakka inn i bjørkenever. Blant beina i kjelen vart det også funne et par bjørneklør. Dette tyder på at den døde var lagt på ein bjørnefell og ført til likbålet. Kjelen vart deretter gravlagt ved sidan av ein stor stein i jorda. Det vart ikkje funne andre ting i grava på Bø, men bronsekjelen var i seg sjølv ein verdfull ting som vitnar om ei rik gravferd. Eitt av dei rikaste gravfunna frå folkevandringstida i Nordfjord er funne på garden Bø i Stryn. Funnet kjem frå ei ubrend skjelettgrav i kiste, men omstendet rundt funnet er usikkert og ein veit ikkje korleis grava var oppbygd. Dei rike gravgåvene omfatta mellom anna ei spenne av bronse, eit beltebeslag av sølv, ei skålvekt av bronse, eit vektlodd av bly, ein fingerring av gull, eit tveeggja sverd, ein skjoldbukkel, ein kniv og eit leirkar. 
Gravgåvene omfattar både kvinne- og mannssaker. Dette tyder på at grava kanskje romma to døde menneske. Kanskje kviler mann og kone i same grav? På Bø er det funne endå ei ubrend grav frå folkevandringstida. I denne grava vart det funne ein bronsekjele, eit glasbeger og to leirkrukker. Dei andre gravene frå Bø er frå yngre jernalder. Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no, Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane,1973.
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Historisk-arkeologisk presentasjonssenter. Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.
Kvinna på Eikenes
På garden Eikenes i Stryn er det funne ei rik kvinnegrav frå folkevandringstida. Kvinna låg i ei 3.5 meter lang kiste av steinheller og var gravlagd under flat mark. Kvinna som levde på Eikenes ein gong mellom 400-600 e.Kr hadde med seg ei øks, eit leirkar og ei ringspenne i grava. Ho hadde også eit snellehul, ei bøyelspenne av bronse, ein eldstein med eldjarn, eit trespann, to knivar og tøy med seg. 
Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.
Bautasteinen på Bø
Omlag 20 meter frå elva nedanfor hengebrua på Vellene står ein bautastein. Bautasteinen er 3,25 meter høg, 30 cm brei og 25 cm tjukk. Han hallar litt mot sør-vest. Etter segna skal steinen vere reist over ein person som vart drepen av bror sin. Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no, Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane,1973.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.
Kårstadsteinen
På ei fjellflate på Kårstad i Stryn er det funne ein stein med ei rekkje skip, eit hakekors og ei runeinnskrift frå eldre jernalder. I dag er denne steinflata fjerna frå sitt opphavlege miljø og plassert på Historisk Museum i Bergen.

På Kårstadsteinen er det to runelinjer. Den første linja, baijR, er tolka som bøhmer eller ein mann frå Bøhmen. Den andre linja er ekaljamark(i)R, som tyder eg som er frå eit framandt land eller eg den framande. Arkeologen Anders Hagen meiner at innskrifta og bileta av skipa i korte trekk fortel om noko som vi må oppfatte som vesentleg i folkevandringstida. Den fortel om den samanhengen og kontakten det har vore ut over landegrensene. Gravmåte, våpen, stilformer, språk og namn har bunde folk og land saman. Nordfjordingar har reist sørover på kontinentet, menn har kome til Nordfjord frå Bøhmen og skip har segla i fast trafikk frå nord til sør i Europa. Kjelder:
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo, 1962.
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, bind 1 i Knut Mykland (red.) Norges historie, 1976.
Heilage kvite steinar i Stryn
I 1879 vart det funne ein heilag kvit stein av marmor i ein gravhaug i Loen. Steinen stod rett ved sidan av eit mura gravkammer med ei stor helle over.
Den andre steinen var av lys kvarts, og vart funnen i 1886 ved rydning av ei røys på Fosnes i Stryn. Steinen var gøymt under ei helle omtrent midt i røysa. Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane 1973.
Fallossteinen på Tunold
På Tunold i Oppstryn står det ein 80 cm høg søyleforma stein med avrunda topp og med ei fure hogd inn rundt toppen. Steinen blir kalla "Prinsa" og er ein fallosstein i nær slekt med dei heilage kvite steinane. Slike steinar framstiller det synlege teiknet på manndomskrafta og er meint som symbol på grøderikdomens gud Frøy.
Fallossteinen på Tunold er eit fengslande minne om ei primitiv dyrking av grøderikdomens gud i forhistorisk tid. Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane 1973.
|