Eit kleberkar frå førromersk jernalder
På Barmen i Selje er det funne eit kleberkar som stammar frå førromersk jernalder, dei siste fem hundre åra før Kr. fødsel.
Heilt frå bronsealderen var kleberstein eit ettertrakta materiale som vart brukt til å lage både støypeformer og kar på Vestlandet. Kleberstein var eit mykje brukt materiale både i eldre og yngre jernalder. Det var truleg ei god handelsvare, og enkelte stader vart det truleg drive klebersteinsindustri. I Selje finst det klebersteinsbrot i Furestaven og på Sandvik. I Furestaven er det merke etter heile 50 gryteuttak. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978.
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
Ervikstranda
I sanden på Ervik er det gjort mange funn frå forskjellige tidsbolkar. Mest sannsynleg er det snakk om vrakgods som har blitt ført med hav og vind og hamna på Ervik.
Blant funna frå Ervik kan vi nemne tre spenner av bronse. Den eine spenna er provinsialromersk og daterast til om lag 200-300 e.Kr. Funnet vitnar om kontakt mellom Vest-Noreg og det europeiske kontinentet på eit tidspunkt som vi ikkje har så mange indikasjonar om frå før. Dei to andre spennene er norske og vart laga eingong på 400- og 500-talet. Det er også funne to beltesteinar i sanden på Ervik. Dette er ovale steinar av kvarts som hang i beltet og vart brukte til å gjere opp eld med. Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
Runesteinen på Barmen
Like ved sjøen på austsida av øya Barmen står ein runestein. Steinen er 1,55 m høg, 50-70 cm brei og 15 cm tjukk. Han står i eit område med mange gravrøyser og bautasteinar. Området var truleg gravplass for dei utvalde i samfunnet og vart nytta over lang tid i jernalderen.
Det er usikkert kor gamal runesteinen på Barmen er, men truleg er han frå eldre jernalder. Innskrifta på bautasteinen lyder ek thirbirjar. Dette er tolka som den som gjer kraftlaus. Kanskje var dette namnet til den runekunnige eller kanskje tilnamnet til ein sjaman eller trollmann? Sjamanen var ein person med spesiell status og makt innanfor samfunnet. Det var kanskje sjamanen som stod for utøvinga av kulten i samband med ritual, ofring og læking av sjukdom? Ei av oppgåvene til sjamanen var å fjerne eller å gjere dei vonde kreftene kraftlause. Sjamanen føretok også reiser over i ei anna verd gjennom transe. Runeskrift vart gjerne nytta i samband med religiøse handlingar. Nokre runeinnskrifter var truleg av magisk karakter. Andre vart reiste til minne om døde personar. I enkelte tilfelle kan steinane vere tenkt som arverettslege dokument. Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Magnus, 1988, Eggjasteinen- et dokument om sjamanisme i jernalderen? Arkeologiske skrifter No. 4-1988. Historisk Museum, UiB, 1988.
Eldrid Straume, Nordfjord i eldre jernalder, UiB 1957.
Gravfeltet på Drage
Langs stranda på gardane Drage og Austmyr i Selje ligg eit felt med i alt 16 graver hovudsakleg frå eldre jernalder. Nokre av gravene kan vere frå yngre jernalder. Det er ikkje usannsynleg at det opphavleg var fleire graver på denne staden.
Det er ikkje funne mykje gravgods i gravene. I den eine grava vart det avdekt ei leirkrukke frå folkevandringstida. Krukka var plassert i ei lita mura kiste med eit lok av heller. I ei anna grav vart det funne eit stykke pimpstein og eit stykke kvit kvartsitt. Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
Eit romersk glasbeger
På Eide i Selje er det funne eit vakkert romersk glasbeger frå om lag 200-300 e.Kr. Glaset var laga i området langs Rhinen og var nok ein sjeldsynt og imponerande eigendel i Nordfjord for nærare 1800 år sidan. Både romarane og frankarane laga glasbeger for eksport. På 400- og 500-talet vart fleire og fleire glasbeger importert til Noreg frå kontinentet.

Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
Ein øydegard i Selje
Takka vere ein lokalhistorikar i Selje har ei rekkje tufter i Kvernhusdalen på Stadhalvøya blitt granska av arkeologar. Tuftene vart undersøkte tidleg på 1970-talet, og det vart slått fast at dette truleg var tufter frå eldre jernalder. Tidleg på 1990-talet vart tuftene granska på ny. Arkeologane tok fleire tekniske prøvar av trekol i tuftene og anlegget vart målt og innteikna på kart. Det vart funne eit byggkorn som vart sendt til Uppsala i Sverige til datering.
I alt var det funne restar etter fire tufter. Opphavleg hadde husa veggvollar laga av stein og torv. Dei to største husa hadde golvflater på om lag 120 og 130 m2, medan dei to minste husa hadde golvflater på om lag 30 og 40 m2. Frå tuftene kan ein sjå spor etter ein steingard. Ei steinsamling i nærleiken av tuftene kan vere ei gravrøys. Prøvene som vart tekne viste dateringar frå perioden 350-975 e.Kr. Dette tyder i følgje arkeologane på at menneske har drive gardsdrift i Kvernhusdalen både i eldre og yngre jernalder over ein periode på 600 år. Det er usikkert kva som var årsakene til at folk busette seg i Kvernhusdalen. Garden låg relativt avsides, og det var ein bratt og tung veg ned til sjøen der dei sannsynlegvis dreiv fiske. Kanskje var det slik at den beste og mest lettdyrka jorda allereie var oppteken? Nydyrkingane i denne perioden måtte difor kome i marginale område. Årsakene til at garden vart lagt aude på slutten av 900-talet er også usikre. Kanskje skjedde det ei klimaendring slik at det var umogleg å bu i Kvernhusdalen? Kanskje herja det pest? Kanskje reiste menneska i Kvernhusdalen over havet til Orknøyane, Færøyane, Island og Grønland for å busette seg der? Tidsperioden då garden i Kvernhusdalen vart lagt aude fell saman med den tida då Vesterhavsøyane vart busette hovudsakleg av menneske frå kysten av Noreg. Kjelder:
Ragnvald Berge, "Ein førhistorisk øydegard i Selje", Årbok for Nordfjord,1997
Tore Bjørgo og Kari Loe Hjelle, "En førhistorisk ødegård i Selje", Arkeo nr. 1, 1996.
|