 |
Kvinna frå YtrehornPå Ytrehorn i Hornindal låg det tidlegare ein svær haug som romma to, kanskje tre graver. I haugen vart det funne ei kiste av steinheller. Gravene er datert til folkevandringstida, om lag 400 år e.Kr. Gravgåvene tyder på at iallfall den eine av dei døde var ei kvinne. Ho hadde fått med seg to leirkrukker, ei saks, ein kniv, eit vevsverd av jarn og ei draktnål av bronse i kista.Ei tredje leirkrukke som er funne i haugen stammar frå den andre grava. I haugen er det også funne ei øks frå merovingartid som truleg høyrer til ei tredje grav. I dag viser det berre igjen to små haugar der den store haugen ein gong låg. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
| 
 |