Ei romartids grav på Holvik
På Holvik i Gloppen er det funne ei kvinnegrav frå romartid som tyder på at nye gravskikkar var begynt å feste seg i Nordfjord. Arkeologen Bente Magnus hevdar at dette gravanlegget er den første hittil kjende ubrende grava i Gloppen. Haugen vart utgraven så tidleg som i 1889 av G. Gustafsson.
Den døde kvinna på Holvik var lagt i ei kiste av reiste steinheller. Gravgodset tyder på at ho hadde høg sosial rang. I grava vart det funne delar av ei draktspenne av bronse til å feste stakken på skuldra. I tillegg fann Gustafsson ein dolk, ei lenkje av bronse, eit kjede av raude, gule, blå og klare perler av glas og ei perle av rav. I grava vart det også funne ein gjennomhola romersk sølvmynt, ein siliqua, prega for den romerske keisar Konstantin den store i Siscia i året 326/327 e.Kr. Bente Magnus skriv at mynten opphavleg hang i lenka saman med glasperlene. I denne samanheng kan det vere interessant å nemne eit romartids gravfunn frå garden Gile på Toten. Der er det funne ein mann gravlagd etter kontinentalt mønster i ei steinkiste, med hovudet vendt mot nord og utstyrt med eit tveegga sverd, to spyd og skjold. I munnen til mannen vart det funne ei lita, hamra og gjennomhola sølvskive. Dette er eit minne om den urgamle klassiske skikken å gi den døde eit pengestykke i munnen, til bruk som betaling når han skulle ferdast over dødsfloda. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim band 1. Frå dei eldste tider til om lag år 1800, s. 149.
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie bind 1. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo 1962.
Ei romartids grav på Vereide
I åra 1990 til 1995 gjennomførte arkeologar frå Universitetet i Bergen ei rekkje undersøkingar langs austsida av Gloppefjorden mellom Andenes og Kleivedammen. Bakgrunnen for undersøkingane var ei planlagd vegbygging som ville kome i kontakt med ei rekkje forhistoriske kulturspor.
På øvre Vereide ville vegen gå gjennom eit stort gravfelt med gravminne frå den siste delen av bronsealderen og eldre jernalder. Gravfeltet på Vereide har tidlegare vore større, men mange graver har opp gjennom tida mått vike for dyrking. I dag er likevel nær to hundre gravminne tekne vare på. Ei rekkje av desse gravene er undersøkte av arkeologen Liv Helga Dommasnes. I samband med utgravingane på Vereidesletta vart ein gravhaug frå romartida undersøkt. Gravhaugen låg nokre hundre meter frå barneskulen på garden Bakketun, i utkanten av det store gravfeltet. Haugen var dekt av gras, han hadde ein diameter på 13 meter og var knapt 1,5 meter høg. Langs foten av haugen låg ein krans av større stein. Opphavleg hadde det vore om lag 60 steinar i kransen. Enkelte steinar var velta ut av kransen, men han var framleis temmeleg velforma. Sjølv om haugen var ganske liten, måtte ein fjerne nærare 500 tonn stein. Etter reinsinga fann arkeologane ei kiste av steinheller litt til sides for sentrum. Kista var svært forstyrra, men dei klarte å slå fast at lengda hadde vore 2,25 meter og breidda 1,25 meter. Kista var orientert nord-sør. Sidan det ikkje vart funne spor etter den døde trur arkeologane at dette var ei ubrend gravlegging. I dei første undersøkingane av haugen fann arkeologane spor etter gravplyndring. Dei nærare undersøkingane stadfesta dette. Berre nokre fragment av gravutstyret fanst att. Gjenstandane som var oversett, gav likevel arkeologane ein peikepinn om at gravutstyret må ha vore rikt. Det vart funne restar av eit smykke/draktutstyr som tyder på at grava var frå romartida og at det var ei kvinnegrav. Arkeologane tidfesta grava til perioden 150-200 e.Kr. Den vakraste tingen som vart funne var ein gullberlokk, eit hengjesmykke av gull. Dette smykket var svært forseggjort. I heile Noreg er det berre registrert funn av 24 liknande gullberlokkar. Desse smykkene er meir kjende frå rike miljø på kontinentet. I tillegg til gullberlokken vart det funne fragment av ein bronsefibel og to sølvfiblar i grava. Ein fibel er ei draktspenne som har halde klesdrakta samla. Kjelder:
Søren Diinhoff, "Ei kvinnegrav frå romartida på Vereide", Årbok for Nordfjord,1996.
Eide-høvdingen
Sentrumsgarden i folkevandringstid i Gloppen var utan særleg tvil Eide. Eide ligg sentralt til på terrassen ovanfor Gloppefjorden. I jernalderen kontrollerte truleg denne garden ferdslevegen på austsida av Breimsvatnet. Langs den nordvestlege kanten av terrassen ligg eit gravfelt som truleg skulle vise kven som òg hadde kontroll over fjordbotnen og stranda.
Heilt ute på terrassekanten, på toppen av Ulvesbakkane på Sandane, vart ein mektig mann gravlagt ein gong på slutten av 400-talet etter Kr. I ettertida er han kalla Eide-høvdingen fordi gravinnhaldet tyder på at han var ein mann av høg byrd. Gravhaugen til høvdingen var heile 25 meter i tverrmål og to meter høg. Den var bygt av sand og grus over ei kjernerøys som var sju meter i diameter og to meter høg. Inne i kjernerøysa låg ei kiste av 16 store heller. Kista var omlag fire meter lang, 75 cm brei og ein meter djup. 
Sjølv om det berre var oppsmuldra restar igjen av mannen i grava har arkeologane lukkast med å rekonstruere klesdrakta hans. Grava er den rikast utstyrte mannsgrava frå folkevandringstid på Vestlandet og innhaldet gir både viktig informasjon om Gloppen i denne tidsperioden og næring til tankar om kven denne mannen var. Mannen i grava var kledd i sin finaste stas. Han var innhylla i teppe og lagt på ein bjørnefell. Inst på kroppen hadde han ei tettsitjande raud skjorte av tynn ull. Linningane på skjorta var vove i svart ullgarn og hadde raude, brosjerte dyrefigurar av farga dyrehår. Linningane var haldne saman av ei hektespenne pynta med forgylte knappar av bronse. Knappane var dekorerte med eit mannsansikt i profil. Mannen hadde stramme bukser og eit praktbelte av lær med bronsebeslag og ei bronseøskje. Mannen hadde også ei vove kappe av raud eller brun ull, pynta med breie band vove i brikketeknikk. I hjørna har banda gått ut i frynser fletta i ein slags makrameteknikk. Banda ser ut til å ha vore djupgrøne med lyst brune eller gule figurar. Eide-høvdingens einaste smykke var ein gullmynt med hempe. Den har truleg hengt rundt halsen hans. Mynten er ein romersk solidus prega for den austromerske keisar Theodosius II i Konstantinopel (408-450). Ved høvdingen si høgre side låg eit 90 cm langt, tveegga jernsverd. Grepet var av bjørk, skjeden var av tre trekt med lær og med doppsko av bronse. Over beina til mannen låg eit skjold av tre og jern. Mannen hadde også fått med seg to lange spyd, ein tveegga kniv og piler og ein boge. Det var eit symbol på status å kunne utstyre den døde med mange våpen i grava. Eide-høvdingen hadde også fått med seg eit sjeldant blått glasbeger laga i Syria, treskåler, leirkar, ei stor stavbygd bøtte av barlind dekt av tynne bronseplater, ei øskje med skuvelok, ei skålvekt og ein lærpung med vektlodd. 
Han hadde også fått med seg ein merkeleg gjenstand av tre som i ettertid har fått namnet tankeringen. Tankeringen er skore av eitt stykke bjørk og kan trekkast ut i forskjellige geometriske figurar og leggast saman til eit rektangel. Han er dekorert med linjer, geometriske mønster og figurar. Tankeringen er den einaste av sitt slag funne i Noreg. Dei einaste parallellane ein kjenner til er ein liknande ring frå Iran og ein annan frå Afghanistan. Det er ingen som veit kva desse tankeringane vart brukte til. Nokre trur tankeringen i Eide-høvdingen si grav var magisk og brukt til spådommar og varslar. Fleire ting i grava til Eide-høvdingen peikar på samband mellom Gloppen og Midt-Austen. Den austromerske mynten, glaset frå Syria og tankeringen vitnar alle om austlege impulsar. Det er ingen som veit sikkert korleis dette sambandet har arta seg. Kanskje er det handelsvarer? Kanskje hadde Eide-høvdingen sjølv vore i desse områda og teke med seg ting tilbake til Gloppen? Kanskje hadde Eide-høvdingen bakgrunn som leigesoldat i Midt-Austen? Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim.
Samtale med Arthur Fasteland, forskar ved arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen, 15. august 2000.
Storgarden på Eide
Sommaren 2000 avdekte arkeologar eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida på garden Eide i Gloppen. Arkeologen Søren Diinhoff meiner dette kan ha vore buplassen til Eide-høvdingen som vart gravlagt like i nærleiken på slutten av 400-talet etter Kr.
Bustadhuset på garden var heile 43 meter langt og 8 meter breitt. Ved sidan av bustadhuset fann arkeologane ein stall som var 24 meter lang og 7 meter brei. Begge husa er langhus av ein såkalla treskipa type. Dette vil seie at taket vart halde oppe av to parallelle indre rekker av takberande stolpar. Det største huset har hatt 12 par takberande stolpar, medan det minste huset har hatt 10 par. Langs midten av det største huset har det vore ei rekkje eldstader. Arkeologane meiner at opptil åtte slike eldstader kan ha vore i bruk på same tid. Utanfor det store bustadhuset er det funne ei rekkje kokegroper der maten vart laga til. I stallen er det funne klare spor etter båsar. Funna tyder på at det kan ha vore plass til heile tretti dyr, noko som er svært mykje i denne perioden. Ved bustadhuset og stallen er det funne spor etter to geilar eller gjerde som sannsynlegvis har ført til eit beiteområde for husdyra. Geilane skulle truleg leie dyra utanom åkrane til garden. Åkrane låg like ved stallen og bustadhuset. Ute på tunet er det funne spor etter jernproduksjon. Dette viser at det føregjekk smiing og produksjon av reiskap på garden. Det er også funne ei rekkje lodd til ein vev som fortel oss at menneska på garden produserte tøy. Funn av fiskesøkker viser at også fiske var ein del av næringsgrunnlaget på garden. Funnet av storgarden på Eide er imponerande og eit viktig kulturhistorisk minne. Funnet avspeglar ei kulturutvikling som i denne perioden pregar heile Nord-Europa. Politisk og økonomisk sentralisering av makt førte til etablering av regionale høvdingdømer, som igjen peikar framover mot riksdanningane. Storbonden på Eide må ha vore ein slik regional høvding med stor makt over gardane i området. Det er difor viktig å hugse på at bak ein storgard som Eide eksisterte det ei rekkje mindre og fattigare gardar. Desse gardane måtte truleg avstå ein del av sin produksjon til høvdingen på Eide. Kjelder:
Søren Diinhoff, Folkevandrigstids gårdanlæg ved Eide i Gloppen. Foreløpig rapport for de arkæologiske frigivningsundersøgelser ved Eide, Gloppen kommune i Nordfjord sommeren 2000.
Firda Tidend, Gardsanlegget i Mona vert bevart, 14. august 2000.
Tinghogjen på Hauge
Gravhaugane har truleg vore dei viktigaste religiøse symbola for gardane i eldre jernalder. Dei var plasserte langs ferdslevegar og sjøleie, og ofte på den beste åkerjorda i nærleiken av gardstuna.
Tinghogjen eller Karnilshogjen på garden Hauge i Gloppen er sannsynlegvis den største haugen på Vestlandet som er bygd av menneske. Den er heile 50 meter i tverrmål og 7 meter høg. Den ruvar godt i terrenget der den ligg med utsyn over heile Gloppefjorden. Tinghogjen er ikkje utgreven, men arkeologar har gjort elektroniske målingar for å finne ut om haugen skjuler noko. Ved hjelp av observasjonar gjort av lokale folk er det sannsynleggjort at Tinghogjen er eit astronomisk merke. Sola skin på haugen gjennom Fitjeskaret ved vintersolkverv når resten av bygda er utan sol, og den er det siste punktet som har sol om kvelden midtvinters. Tidlegare har det truleg vore minst ti store gravhaugar i tilknyting til garden Hauge. Den eine av haugane hadde ein diameter på heile 37 meter. Både Tinghogjen og dei andre store gravhaugane på Vereide tyder på at denne delen av Gloppen har vore eit religiøst sentrum. Truleg har folk samla seg her til religiøse handlingar som skulle sikre gode årstider og grøderikdom. Den religiøse og økonomiske samlingsfiguren i eit slikt område kan ha vore overhovudet på den mest velståande garden. Etnografiske studiar har vist at ein slik storbonde og religiøs leiar vil prøve å knyte til seg folk ved å gi gåver og ved å halde store festar i samband med religiøse høgtider. Han ville også ha økonomi til å skaffe seg fine ting og knyte alliansar med andre storbønder gjennom giftarmål. Det er ikkje umogleg at det eksisterte fleire slike små høvdingområder i Gloppen og Nordfjord i yngre romartid, men i folkevandringstida viser funna at det var Eide-garden på Sandane som var den mest sentrale og dominerande i området. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s. 181-183.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag.art, UiB 1967.
Johannes Aursland, "Ei arkeologisk oppdaging i Gloppen", Årbok for Nordfjord 1959.
Heilage steinar i Gloppen
I 1935 vart det funne ein heilag, kvit stein på Indre Kandal i Breim. Steinen kom til syne under nydyrking på ein åker. Den var 17 cm høg og forma som eit mannleg kjønnslem.

I Gloppen er det også funne kvite kvartsblokker og reiste steinar i og på gravhaugar frå folkevandringstida. Ein slik stein stod i ein langhaug søraust for Eide-høvdingen si grav på Sandane. Dette er truleg utslag av dei same religiøse ideane som er knytte til fallossteinane. Hovudtanken har vore å fremje grøderikdom for dei gjenlevande familiemedlemmene, buskapen og åkrane. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978.
Austrheimsteinen
Austrheimsteinen står på ein haug på Austrheim i Gloppen med storslått utsikt over Gloppefjorden. Steinen er plassert rett ved sidan av den gamle vegen mellom gardane Eide og Vereide som begge var storgardar i eldre jernalder.
På bautasteinen er det ikkje hogd inn runer, men eit stort skip er rissa inn. Biletet av skipet vender ned mot fjorden og var difor synleg både for dei som kom inn fjorden med båt og dei som kom langs vegen. 
Haugen som steinen står på vart utgreven i 1955 av arkeolog Eldrid Straume. Utgravingane viste at røysa ikkje var ei grav, men eit form for minnesmerke. Kanskje er røysa eit gravminne over ein død person som av ulike grunnar ikkje kunne gravleggjast på landjorda? Det vart ikkje funne spor etter menneskebein i haugen, derimot fann ein knokkel-restar av hest eller kveg, skår av spannforma keramikk og eit hengjesmykke av kleber. Den spannforma keramikken gjer at ein kan datere anlegget til slutten av 300-talet eller byrjinga av 400-talet etter Kr. Korleis kan ein tolke skipet på Austrheimsteinen? Kanskje er skipet farkosten som frakta den døde til dødsriket? Mest sannsynleg kom slike forestillingar inn i nordisk mytologi seinare under påverknad av kristendommen. Det er difor mest sannsynleg at skipet er eit symbol på noko anna som har med dødstru eller livstru å gjere. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s.153-154
Kari Charlotte Larsen, Sagastad, Arkeologisk-historisk presentasjonssenter, forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Gravfeltet på Vereide
I perioden mellom 1990 og 1995 gjennomførte arkeologar frå Universitetet i Bergen ei rekkje arkeologiske undersøkingar langs austsida av Gloppefjorden mellom Andenes og Kleivedammen. Bakgrunnen for undersøkingane var ei planlagt vegbygging som ville kome i kontakt med ei rekkje forhistoriske kulturspor. På øvre Vereide ville vegen gå gjennom eit stort gravfelt med gravminne frå den siste delen av bronsealderen og eldre jernalder.
Gravfeltet på Vereide har tidlegare vore større, men mange graver har opp gjennom tida måtte vike for dyrking. Gravfeltet ligg hovudsakleg rundt den noverande prestegarden og består av eit hundretals små, lave haugar. Ei rekkje av desse gravene er undersøkte av arkeologen Liv Helga Dommasnes. I samband med desse små haugane ligg det også 12 store haugar med tverrmål frå 12 til 25 meter. I desse haugane er det gjort funn frå eldre jernalder. Gravene på Vereidefeltet er, med eitt enkelt unnatak, datert til tusenåret før Kr. fødsel. Gravene viste seg å vere systematisk eldre enn forventa, og frå eit tidsrom som hittil har vore tilnærma tomt for funn på Vestlandet. Gravene var enkle, aldeles utan gravgods og med eit sterkt kollektivt preg. Trass i manglande gravgods har undersøkingane av feltet likevel gitt arkeologane mykje ny kunnskap om ei tidsperiode som inntil nyleg var innhylla i mørke. Mellom anna fortel feltet at det har budd menneske i Nordfjord også i dei siste tusen åra før Kr. fødsel. Blant årsakene til at ein hittil ikkje har funne så mange spor etter dei er at gravskikken var beskjeden og lite prangande. Kjelder:
Liv Helga Dommasnes, Tradisjon og handling i førkristen vestnorsk gravskikk. Undersøkelser på et gravfelt på Vereide i Gloppen, Sogn og Fjordane.
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag.art, UiB 1967.
|