Ein heilag kvit stein
Heilage kvite steinar er skulpturar i kvit kvartsitt av eit ståande mannslem. Steinane spelte truleg ei stor rolle i bonden sin religion. Nokre har blitt reist på gardstunet, andre har stått ute i åkeren.
Steinane blir tolka som symbol på grøderiksguden Njord eller sonen Frøy. Meininga var å auke avlingane og grøderikdomen, samt sikre levedyktig avkom på garden. I Noreg er det funne omlag 50 slike steinar. Dei fleste skriv seg frå folkevandringstida, om lag 400-600 e.Kr. I Nordfjord er det funne fem slike heilage kvite steinar. Ein av dei låg i ei steinrøys på Hafsås i Eid. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane. Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Ardskjeret frå Os
På Os i Eid er det funne ein 34 cm lang rest av eit ardskjer i tre som er datert til omlag Kr. fødsel. Arden var den viktigaste reiskapen i jordbruket til langt opp i nyare tid, og utsjånaden utvikla seg ikkje stort.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band 1, 1978, s. 142-143.
Bente Magnus, Vågsøy, Eid og Hornindal i førhistorisk tid, 1982, s. 10. Brosjyre
Helleristningane i Hennebygda
På svaberga på kvar side av kaia i Hennebygda finst det to felt med helleristningar. På desse to felta er det til saman 18 tydelege båtar, og ni av desse har ein karakteristisk lang bogen form.
Denne båttypen samanliknast gjerne med den såkalla Hjortspringbåten som vart funnen i ei myr på Nord-Jylland og datert til det 3. hundreåret f.Kr. Dersom ein identifiserer dei to felta i Hennebygda med Hjortspringbåten, kan vi datere felta til omlag 200 f.Kr. Ein reknar det som svært sannsynleg at slike farkostar har vore i bruk på Gloppefjorden i denne tidsperioden. I Nordfjord er det funne fleire andre felt med figurar. Tre av desse har bilete av båtar. Dette er Kårstadsteinen i Stryn, Austrheimsteinen i Gloppen og Krabbestigfeltet på Husevågøy i Vågsøy. I tillegg er det funne ei helleristning frå bronsealderen under eit stabbur på Ytre Henden. I samband med veg- og husbygging i Hennebygda er fleire felt med helleristningar øydelagde utan at arkeologar har fått høve til å studere dei. Med dette har mykje kunnskap både om Hennebygda og Nordfjord gått tapt for all framtid. Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s.139-141.
Gro Mandt, Ristninger i Hennebygda, Arkeo 1976.
Gravfunn i Kjølsdalen
I Kjølsdalen, langs Kjølsdalsstranda og på Reksnes i Eid er det påvist fleire gravminne frå eldre og yngre jernalder. Nokre av røysene på Reksnes kan truleg daterast til bronsealder. I tillegg er det funne reiskap i dette området som daterast til steinalderen. Dette tyder på at det har budd menneske på dei solrike gardane i Kjølsdalen i uminnelege tider.
I Kjempehaugen på garden Myklebost vart ein mann gravlagd med sverd, spyd, kniv og leirkrukke ein gong i eldre jernalder mellom år 0 og 550 e.Kr. I ei anna grav i same haugen er det funne eit spannforma leirkar som daterast til folkevandringstida, om lag 400-550 e.Kr. I nyare tid er ei av gravhellene frå Kjempehaugen plassert oppe på haugen med ei minneskrift på. Gravminna i eldre jernalder var ofte plasserte i nærleiken av tunet på gardane. Røysene markerte territorium, slekter og lokalsamfunn. Dei døde var viktige for slektene. Ein rekna med at forfedrane hadde kontakt med gudane og at dei kanskje var garantistar for grøderikdom og gode år. Difor vart det også ofra ved gravminna. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Davik prestegjeld, UiB 1960.
Sigmund Bødal, Notat til fornminnevandring i Kjøllesdal, mai 2000. Utlånt av KKUL v/ Rønnaug Leite. For meir informasjon gå til http://www.kkul.no
|