Jernaldergraver på Grotle
I ein liten rund haug på gravfeltet på Grotle i Bremanger er det funne ei mannsgrav frå eldre jernalder. Mannen var gravlagd i eit rom av heller saman med ei leirkrukke. I jorda over gravrommet låg ei holegga øks og ei tosidig, tverregga øks av grønstein. I ein annan haug på feltet er det funne ein beltestein.
Dei andre gravfunna på Grotle er frå yngre jernalder. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne frå Fjordane, Bremanger prestegjeld, 1958.
Tannarsteinen på Solheim
Ytst på ein takforma grusrygg på Solheim i Bremanger står Tannarsteinen. Steinen er 2,5 meter høg, mellom 40-100 cm brei og 20 cm tjukk. Toppen er avslegen, og det seiast at han skal ha vore "som hovudet på ein hals". Rundt steinen ligg store steinar i ein firkant. Desse er truleg lagt ned av folk.
Det er usikkert kva steinen symboliserar. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne frå Fjordane, Bremanger prestegjeld, 1958.
Kvinnegrav på Førde
I ei røys på Brurahogjen på Førde i Bremanger er det funne ei kvinnegrav frå eldre jernalder. I haugen vart det mellom anna funne ei korsforma spenne.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne frå Fjordane, Bremanger prestegjeld, 1958.
|