Bronsealderøyser i Vågsøy
Ved Ulvefalla på Raudeberg ligg ei spesiell røys frå bronsealderen. Ho er omlag 15 meter i diameter, bygt av rullestein og ligg vendt ut mot skipsleia. På den eine sida av gravrøysa er det klare spor etter ei mura gravkiste. Røysa vart utgraven i år 2000 av arkeolog Live Johansen. Det vart ikkje funne gjenstandar.
Også på garden Røysa i Vågsøy ligg eit par pene røyser frå bronsealderen oppe på åsen ovanfor garden. Den største er om lag 25 meter i diameter, fleire meter høg og har eit stort krater i toppen. Røysa er synleg på lang avstand. Mest sannsynleg har garden Røysa fått namn etter desse særmerkte gravminna frå bronsealderen. Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Helleristningar på Husevågøy
På ein steinknaus i Færeldemyra på nordsida av Husevågøy, ligg eit felt med helleristningar frå bronsealderen (1800-500 f.Kr.).
I alt er det bilete av 15 skip på steinknausen. Slike felt har vore viktige i ein religiøs kultus som skulle sikre at åkrar og husdyr gav god avling og at årstidene skifta slik dei skulle.
Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
Bente Magnus, Vågsøy, Eid og Hornindal i førhistorisk tid, hefte utgjeve av Universitetet i Bergen med stønad frå Eid kommune.
Klebersteinsbrot på Husevågøy
Nedanfor helleristningane frå bronsealderen på Krabbestigen ligg eit klebersteinsbrot. Tidlegare vart dei store gropene i fjellet tolka som solfigurar. Seinare er det slått fast at gropene er merke etter bolleforma gryteuttak.
Klebersteinen var for mjuk til å lage reiskap og våpen av. Sidan steinen heldt godt på varmen, brukte menneska kleberstein til kokegryter og kokesteinar. Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.
|