Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
BRONSEALDEREN

Biletsteinen på Kyrkjeeide
Reiskap av bronse frå Stryn
Bronsealderrøyser i Stryn
Bronsedepoet i Erdal i Oppstryn
Ein offerstein i Glomsdalen?
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Biletsteinen på Kyrkjeeide
I 1886 vart det funne ein gåtefull biletstein på garden Kyrkjeeide i Stryn. Steinhella er 120 cm høg, 45 cm brei og ganske tynn. Kantane er temmeleg grovt hogd til. Truleg er steinen ein del av dei steinane som har omkransa ei gravlegging.

På den eine sida av steinen er det hogd inn forskjellige linjer og figurar. Nedst går det to linjer tvers over steinen omtrent der den har stått i jordskorpa. Derfrå går det ei brei fure oppover. Fura er avslutta med ei løkke øvst på hella i form av ein hestesko. Over denne hesteskoen er der ein dobbelt ring med ein tett strålekrans.

På venstre side er følgjande teikn rissa inn: ein kam, ein fisk, ei gruppe konsentriske sirklar og ein bukta orm. Til høgre er det rissa inn ein liggjande halvmåne og to andre figurar som er vanskelege å tolke.

Sidan ein ikkje kjenner til noko liknande stein i hele Nord-Europa er det vanskeleg å tolke biletsteinen på Eide. Arkeologen Anders Lorange har tidlegare peika på at enkelte trekk ved steinen kan minne om kristne monument i Skottland frå det 7. hundreåret. På grunnlag av dette har andre tolka steinen som eit teikn på tidleg kristen innverknad i Nordfjord.

Lorange hevdar også at bileta på steinen minner om helleristningar frå bronsealderen. Kanskje er dette den beste tilnærminga?

For det første kan den store ringen med strålekrans som står øvst på steinen vere eit bilete på sola. Solkultus eller dyrking av solguden var midtpunktet i religionen i bronsealderen.

For det andre veit vi at det finst fleire helleristningar frå bronsealderen i Nordfjord. I Hennebygda i Eid er det til dømes fleire bilete av skip som er daterte til bronsealderen. Også på Husevågøy i Vågsøy finn vi døme på helleristningar frå bronsealderen. Frå Utvik stammar også den gåtefulle Kårstadsteinen som i dag er på Bergen Museum. Kårstadsteinen er mest truleg frå eldre jernalder.

Enno veit vi ikkje kva biletsteinen på Eide skal førestille eller kva funksjon han hadde. Kanskje var han eit ledd i ein religiøs kultus for over 2000 år sidan?

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.

Reiskap av bronse frå Stryn
Det er ikkje gjort så mange funn frå bronsealderen i Stryn. I omlag 1850 vart det funne ei flat øks med sterkt utsvinga egg under ein stein på Håheim i Olden. Økser av denne typen er frå den eldste perioden av bronsealderen og hamna i jorda meir enn 1500 år før Kr. fødsel. Det er svært interessant at slike bronsesaker har funne vegen til indre Nordfjord i denne perioden.

På Årnes i Oppstryn er det funne ein smal bronsemeisel med holk for treskaftet. Meiselen vart funne under ei helle og er truleg lagt i jorda med vilje, kanskje for å oppbevare den som ei verdisak? Bronsemeiselen er datert til om lag 1300 f.Kr.

Bronse var eit ettertrakta og dyrt metall i Nordfjord og Noreg. Det måtte importerast langvegs frå og var sjeldan eigedom blant vanlege bønder.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.

Bronsealderrøyser i Stryn
I bronsealderen begynte menneska å gravlegge sine døde i karakteristiske steinrøyser, gjerne plassert på høge utspring over fjorden. Røysene var maktsymbol og vart plasserte der reisande kunne få auge på dei. I indre Nordfjord ligg ei rekkje røyser som ut frå byggemateriale, storleik og plassering kan vere frå bronsealderen. Ein kan likevel ikkje utelukke at enkelte av dei er frå eldre jernalder.

Under Bruland i Utvik ligg to vakre, urørte gravrøyser med ein diameter på 10 og 8 meter. Frå denne staden har ein eit godt utsyn over fjorden til området frå Faleide til Lote.

På Kårstad i Utvik ligg Ormeura på ein avsats over ein høg loddrett vegg opp frå Kleivesanden.

På Sølvberg i Utvik ligg dei tre gravrøysene Rolvsura, Flatura og Oppkastura. Flatura vart opna for lenge sidan, og steinkista ligg oppe i dagen.

På strekninga Innvik til Hildeneset ligg det fleire gravrøyser. På Laksebleket ligg tre stykke og på Koparberget ligg to.

På toppen av det vesle neset ved fyrlykta på Rake ligg ei gravrøys som er kring 12 meter i diameter og 3 meter høg. På Marså, nord for Rake ligg ei rekkje gravrøyser langs stranda. Ei av desse gravrøysene er 32 meter lang og 6-7 meter brei. Nokre meter frå denne lange røysa står eit gravkammer som er 1,30 meter lang og ein halv meter høgt.

Det er ikkje funne oldsaker frå røysene i Stryn, men arkeologane kan likevel slå fast at desse røysene høyrer til blant dei eldste monumentale gravminna ein kjenner på Vestlandet. Det er likevel viktig å vere merksam på at enkelte av dei røysene som er karakterisert som bronsealderrøyser i røynda kan ha blitt laga i den første delen av eldre jernalder, i hundreåra før Kr. fødsel.

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.

Bronsedepoet i Erdal i Oppstryn
I Erdal i Oppstyn er det funne ei samling av fire halsringar av bronse frå bronsealderen. Ringane låg samla i jord og stein tett ved ein bratt fjellknaus. Dei var brotne i fleire delar, og var difor ikkje fullstendige.

Det var likevel ikkje vanskeleg å sjå kva form halsringane opphavleg hadde. Forma var karakteristisk for slutten av bronsealderen omlag 600 år f.Kr. Halsringane var lagt der med vilje, og var kanskje ei offergåve?

Kjelder:
Jacob Aaland, Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn, Sandane, 1973.

Ein offerstein i Glomsdalen?
I 1988 var arkeologar frå Universitetet i Bergen på registrering i Glomsdalen i Oppstryn. Turen resulterte i at dei gjorde ei rekkje verdfulle oppdagingar frå bronsealder og jernalder. På setra Stol lengst framme i Glomsdalen fann arkeologane 10 kolgroper frå jernalderen. Dei fann også tufter frå forhistorisk tid.

Arkeologane fann også fire tomter rundt ein skålgropestein (helleristningar). Ein liknande stein med 18 skåler er funne på Nås. I følgje Jon Tunold meiner forskarane at skålgropesteinen i Glomsdalen kan vere ein offerstein brukt i religionsutøving i tida 1500-500 f.Kr. I denne perioden var jakt ein viktig næringsveg også for folket i Oppstryn og det var viktig å ha god jaktlukke og gudane på si side.

Kjelder:
"Hendingar vi hugsar siste året", i Jul i Nordfjord, 1988.
Jon Tunold, "Sigdestad - fråflytta fjellgard med spennande historie", i Jul i Nordfjord 1991.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Bronsealder: Funn i Bremanger
Bronsealder: Funn i Gloppen
Bronsealder: Funn i Stryn
Bronsealder: Funn i Hornindal
Bronsealder: Funn i Eid
Bronsealder: Funn i Vågsøy
Bronsealder: Funn i Selje