Bronsealderrøyser i Selje
På Ildshaugen på sørspissen av Seljeøyna ligg ei gravrøys som truleg er frå bronsealderen. Også på Moldestad ligg ei vakker røys som er 12 meter i diameter og nærare 2 meter høg. Slike røyser finn ein også på Langenes, på Store Salt og på øya Barmen.
Desse bronsealderrøysene ligg nærast alltid i ei line langs skipsleia. Der desse røysene ligg plasserte kan ein rekne med var ein vanleg veg å reise med båt. Kjelde:
Edvard Os, Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Ei støypeform frå Eide
På Eide i Selje er det funne den eine halvdelen av ei støypeform av kleberstein til ein celt (øks). Kleberstein var eit mykje brukt materiale til støypeformer for våpen og reiskap av bronse. Sjølv om det ikkje er funne så mange ting av bronse i Nordfjord viser denne forma at det vart støypt bronse i regionen.
Sidan kleberstein heldt godt på varmen var materialet også godt eigna til kokekar. Kjelde:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, Sandane 1978, s. 132.

Asbestkeramikk på Drage
I ei gravrøys på Drage i Selje er det funne ei urne laga av leire og asbest. Urna var opphavleg brukt som gravurne. Teknikken å blande asbest i leira kom truleg til Noreg via Finland og spreidde seg sørover langs kysten. Urna frå Drage er truleg ein av dei sørlegaste asbesturnene som er funne.
Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, Sandane 1978, s. 132.
Bronsealderreiskap i Selje
I Selje er det funne nokre få våpen og reiskap som arkeologane daterer til bronsealderen. Funna er hovudsakleg av stein som flint, grønstein og skifer. På Indre Barmen er det til dømes funne ein vakker flintdolk som truleg er laga på Sør-Vestlandet. På Hatlenes og på Langenes er det funne to økser av grønstein.
Det er tydeleg at metallet bronse ikkje var særleg utbreidd i ytre Nordfjord i denne perioden. Bronse var eit dyrt metall som berre dei færraste nordmennene hadde råd til å skaffe seg. Støypeforma av kleberstein som er funne på Eide viser likevel at det vart støypt bronse også i Selje i denne tidsperioden. Kjelder:
Edvard Os, Selje og Vågsøy, Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
|