Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
BRONSEALDEREN

Smykkesamlinga frå Skjerdal
Bronsealderrøyser i Gloppen
Buplass på Austrheim
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Smykkesamlinga frå Skjerdal
På Vestlandet har ein funne fleire samlingar av saker frå bronsealderen som er gøymt vekk i steinurder. Stort sett er det snakk om kvinnesmykke og særleg er det halsringar som er gøymt vekk. Desse funna er gjerne tolka som offer til ei gudinne som arkeologane kallar "gudinna med halsringane".

I 1918 vart det funne ei slik samling halsringar på Skjerdal ved innløpet til Hyenfjorden. Dette er det einaste funnet av bronsesaker frå bronsealderen i Gloppen. Sakene var opphavleg pakka inn i tøy eller lær. Smykkene var massive, store og tunge. Dette var eit typisk trekk for smykkene mot slutten av bronsealderen. I tillegg til halsringane inneheldt funnet ein bit av ei stor draktspenne.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s.134-138.

Bronsealderrøyser i Gloppen
I Gloppen finn ein bronsealderrøyser på gardane lengst ute i fjorden på Hjelmeset, Andenes og på Kvitneset. Ei av røysene på Andenes vart utgreven i 1908 og viste seg å dekkje over ei gravkiste av tjukke heller. Kista var tom, slik det ofte er med slike steinrøyser der jord og luft har fått fritt spelerom.

Det var nok berre dei mest velståande som fekk reist ei røys på gravstaden sin. Dei aller fleste vart nok gravlagde i enkle jordgraver. Desse gravene har forsvunne heilt med åra, men dersom den døde har fått med seg gåver, hender det at nokre av gravene blir oppdaga.

Nokre av lausfunna frå bronsealderen som er oppdaga i Gloppen kan tolkast på denne måten. Ei skaftrenneøks av granitt frå Ytre Vereide, ei skaftrennekølle av grønstein frå Eikenes og delar av ei skaftholøks av glimmerhaldig bergart frå Ytre Arnestad kan vere gravgåver.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s. 128-13.

Buplass på Austrheim
Under forprosjektet til utgravingane på Vereide i 1990, vart det funne tre bronsealderrøyser på Austrheim i Gloppen. Like ved desse røysene ligg det ein buplass eller eit aktivitetsområde som også var i bruk i bronsealderen. Denne buplassen er eit av dei få spora arkeologane har etter korleis folk budde gjennom heile bronsealderen frå om lag 1800 -500 f.Kr.

Kjelder:
Liv Helga Dommasnes, Tradisjon og handling i førkristen vestnorsk gravskikk. Undersøkelser på eit gravfelt på Vereide i Gloppen, Sogn og Fjordane, UiB 1997.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Bronsealder: Funn i Bremanger
Bronsealder: Funn i Gloppen
Bronsealder: Funn i Stryn
Bronsealder: Funn i Hornindal
Bronsealder: Funn i Eid
Bronsealder: Funn i Vågsøy
Bronsealder: Funn i Selje