Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
BRONSEALDEREN

Ei bronseøks frå Vedvik
Helleristningar i Hennebygda
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Ei bronseøks frå Vedvik
Under graving av veiter i Vedvik i 1889 vart det funne ein vakker celt (øks) av bronse.

Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Eid prestegjeld og Hornindal prestegjeld, UiB 1960.
Edvard Os, Eid og Hornindal, Oslo 1953.

Helleristningar i Hennebygda
Under eit stabbur på Ytre Henden er det hogd inn ei helleristning av eit skip med mannskap i svaberget. Truleg er det fleire bilete under stabburet. Dette store skipet er det einaste hittil kjente av helleristningane frå Hennebygda som er frå bronsealderen. Dei to andre kjende helleristningsfelta i bygda er frå jernalderen (500 f.Kr. - 550).

Skipet på Henden er eit døme på den vidstrakte kontakten det må ha vore mellom ulike busetnadssenter for over 3000 år sidan. Ein finn same symbol også på helleristningsfelta på flatbygdene i Østfold, i Trøndelag og på øyane utanfor Stavanger.

Sannsynlegvis er bileta hogd eller malt som ledd i ein årviss kult, der folk frå bestemte område søkte saman til visse tider for å sikre grøde og gode avlingar.

Skipsfiguren viser at det budde folk i Hennebygda i bronsealderen og at sentrum for grøderiksskulten har vore svaberga i strandkanten. Helleristningane viser også at det har vore ferdsel til og frå med båtar.

Arkeologane meiner at det høgst sannsynleg vil bli funne liknande helleristningar langs Gloppefjorden. Hendenskipet kan minne om båtane frå feltet på Husevågøy i Vågsøy.

Under veg- og husbygging i tidlegare tider er fleire helleristningar øydelagde. Truleg har mykje kunnskap om Hennebygda gått tapt på denne måten.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, Band I, 1978, s. 133-134.
Gro Mandt, Ristninger i Hennebygda, Arkeo 1976, s. 11-14.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Bronsealder: Funn i Bremanger
Bronsealder: Funn i Gloppen
Bronsealder: Funn i Stryn
Bronsealder: Funn i Hornindal
Bronsealder: Funn i Eid
Bronsealder: Funn i Vågsøy
Bronsealder: Funn i Selje