Bronsealderrøysene ved Botnane I eldre bronsealder begynte folk for første gong å bygge store gravhaugar av jord eller stein. Desse vart gjerne plasserte godt synlege langs ferdsleårer, og markerte makt. Haugane er kalla åsrøyser eller kystrøyser alt etter kvar dei er plasserte.Lengst ute mot Frøysjøen på Nordbotnane i Bremanger ligg to store steinrøyser frå bronsealderen. Den største er heile 36 meter i diameter og 3-4 meter høg. Røysa har ein brei brem og eit 10 meter stort krater på toppen. Den andre røysa ligg 500 meter nord for den største røysa. Denne er 24 meter i diameter og om lag 2 meter høg. På toppen er eit hol på om lag 6 meter i diameter. I botnen av holet står ei opa kiste mura av tynne heller. Ho er 2,05 x 0,55 meter lang og ein halv meter djup. Botnen i kista er dekt av små rullesteinar. I kista er det funne beinrestar. På Sørbotnane i Bremanger ligg det også ei rekkje røyser. Alderen er uviss, men dei kan vere frå bronsealderen. Den største av desse er 30 meter i diameter og 4 meter høg. Ho ligg på ein stor, naturleg haug nær sjøen. Også denne røysa har eit djupt søkk i toppen. Nær Søre Botn fyrlykt ligg også ei stor røys. Denne røysa er 25 meter i diameter og om lag 2 meter høg. Den er stygt utkasta og har truleg vore høgre. Røysene på Botnane får oss til å undre over kva folk som fekk slike store gravminne. Det må ha vore eit veldig slit å bygge dei store haugane, og mange folk må ha vore i sving i lang tid. 
Kjelder:
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Bremanger prestegjeld, UiB 1958.
|